onsdag, november 05, 2014

Dagbok 2014: 5.november.

Klokka er 19.30, temperaturen ute er litt under 0 grader C, og vi har hatt ein nydelig dag, med sol frå skyfri himmel.No skin ein nesten full måne frå den klåre himmelen. Det var kaldt sist natt, så det var litt frostskadar i hagen, men klematisen og blomkarsen er framleis i live. Eg fekk meg ei lita stund i hagen, såpass eg fekk klipt ned staudene, før vi måtte møte opp på Kulturhuset for borddekking etc. klokka 12.00.
Etter at vi kom heim att, steikte vi resten av blandaballen til middag, men det blir ei stund til eg lagar meir av den sorten. Nok er nok - for ei stund.
Møtet begynte klokka 16.00 og vi var heime att i 19-tida. Då hadde vi hjelpt til med oppryddinga, blant anna.
I dag hadde vi mange fine gevinstar i lotteriet sidan Sparebank 1 var der for å dele ut premiar til dei som har vore med i "Den gylne spaserstokk". Og då har dei også med seg gevinstar. Nils var så heldig at han vann ei bok som var midt i blinken for han, så no blir her fredelig resten av kvelden. Boka kunne ikkje kome til nokon som sette meir pris på henne.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...