Klokka er 21.00. Temperaturen ute er + 22 grader og det er overskya. Vi har elles hatt ein strålande dag med mykje sol og temperatur opp i +28 grader C .
Vi har fått gjort ein del ute i dag. Før middag klipte Nils greiner av stikkelsbærtreet og ripstreet, og vi plukka reint. Så mol Nils opp alle greinene på kompostkverna.
Eg gjekk inn og koka graut til Solveig og Olaug skulle kome, dei kom i halv tre- tida Vi åt ,og så vart det kaffi etterpå. I dag måtte vi ha på TV-en for å sjå nyheiter. Eg kan lese om groteske mord i bøker, og sjå krim på TV, men det blir som eventyr. Verklegheita er noko heilt anna, særlig når det kjem så nær. Ei tragisk hending i ei lita bygd som Hareid.
Etter at "jentene" var reiste jobba gamlefolket vidare i hagen, ikkje sikkert kva tid vi får så bra ver igjen; vêrmeldingane er nokså dramatiske. Vi klipte plen, ja det var no Nils som klipte mesteparten, mens eg klipte kantar etc. Det var herlig å vere ute, særlig etter at det kom ein liten bris. No har eg putta alle croxane mine (tre par) i vaskemaskina, så no er det helg
I fjor kjøpte eg potteroser i staden for andre sommarblomster-alle i ein eller annan nyanse av rosa, og alle kom att i år. Solveig likte veldig godt fargen på den eg har som illustrasjon på bloggen i dag.
Elles er Rasmus og fam på plass i Kongsberg. Margrete var også invitert i dag, men der kavar dei med å få ferdig slottet til prins Charley. Eller kanskje det var slottsplassen?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:16.september
Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
2 kommentarer:
Roleg føremiddag etter ei stormfull natt. Har lese blogginnlegga dine for denne veka, fine bilder og koseleg prat. Ha ei god veke.
Eidabesta
Her har vi ikkje merka nokon storm, det blæs litt, men det er berre deilig. Atteleter litt på epla og plommene, men dei heng framleis fast i trea.
Legg inn en kommentar