søndag, august 10, 2014

Dagbok 2014: 10.august

Klokka er halv åtte, temperaturen ute er + 23 grader C;  kor høg max-tempen har vore, veit eg rett og slett ikkje. Varmt har det i alle fall vore. Litt vind på føremiddagen, no er det dammande stilt. Dei som ikkje sov fullt så tungt som eg i natt, påstår at det kom nokre vindrosser då.
Dette har vore den lataste dagen vi har hatt på lenge. Men no har Nils tatt ein tur på terminalen for å fiske.Han vil gjerne ha meir makrell. Det vi ikkje et opp, brukar han til agn.
Før middag gjorde vi noko vi ikkje har gjort på lenge, ikkje sidan mai månad. Vi gjekk tur. Rett nok berre rundt Storebakken, men det er lenge sidan eg har gått langt. Dersom eg ikkje får mein av det, vurderer eg å friskmelde meg.Det er kjekt å sjå på hagane til folk, og så gleder eg meg over kvart tre som blir felt, vi gror snart inne her i landet. Når ein køyrer rundt omkring i fylket vårt og i nabofylket, er det mange stader ein ikkje ser anna enn tett lauvskog på begge sider av vegen. Eg lurer på kven som har ansvar for å rydde opp?
Vi slapp til og med å lage middag i dag, hadde nok att frå i går.
Middagskvila tok vi på altanen, ei stund sidan sist det også.
Plommene held på å modnast, men kvepsen er der som regel før oss. Så snart plommene får farge,er han der og syg seg fast, så no er eg ikkje lenger så vennlig stemt mot han. Heretter blir det dø eller forsvinn, for plommene vil eg ha. Har tenkt å plukke Rivers Early-plommene og sylte dei i første omgang, dei er små, men rike på smak, og så blir det så fin farge på sylta.
No skin sola så fint, at eg må ut og finne eit motiv å ta bilde av før sola blir borte.
                         Opal-plommer. Dei som kvepsen likar.

1 kommentar:

solveig sa...

Håper du kan gå mange turar utover hausten!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...