Klokka har passert 19.30. Temperaturen er + 17 grader C og vi har hatt ein strålande dag, med sol frå klår himmel.
Sidan sommaren er på hell, gjeld det å nytte kvar einaste finevêrdag så godt som mulig. Ser at mange har vore på skuleturar i dag, og det er flott at ein snur seg rundt og kjem seg av garde mens det er så fint.
Eg hadde ingen andre planar for dagen enn å vere ute så mykje eg kunne. Vaska eit par golv, men utsette støvsuginga til i morgon.
Etter at vi hadde ete ein tidleg lunsj, tok vi bilen og køyrde ut på Vinjevoll og gjekk tur på Kanalvegen. Eg har ikkje gått ein skikkelig tur sidan sist i mai, så eg kan ikkje ta det for hardt, og bli handikappa igjen. Det viktigaste er å vere ute. Då vi kom heim sat eg på altanen ei stund og las før eg laga middag, og etter maten sov eg "middag" på solsenga.
Til middag i dag hadde vi kjøtkaker i brun saus. Noko vi sjeldan har her. Sjølv om eg brukar same oppskrifta som Solveig, er ikkje mine kjøtkaker så gode som hennar. (Vi fann våre i frysaren.)Kan det vere kjøtdeigen si skuld?
Elles pratar vi med naboane og er sosiale til ein viss grad.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 5.mai
Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
2 kommentarer:
Eg bruker Gilde i snabbar på 1 kg til kjøtkaker.
Det kan og vere at det er godt å "spise mat som en dame har laget" som røvarane sa. Det smakar ofte betre når ein slepp å lage sjølv.
Eg brukar også å kjøpe Gilde i "snabbar". Og somme tider blir kjøtkakene betre enn andre gongar.
Legg inn en kommentar