Klokka er snart 21.00, temperaturen ute er + 13 grader C, og det er fint, lettskya vêr. Vi har hatt ein fin og sommarleg dag.
Eg hadde ein del "kontorarbeid" som eg måtte gjere i dag, og no er eg ferdig med det. Har skrive eit lite avisinnlegg, og printa ut songar som eg har hefta i hop. Litt artig å gjere slikt arbeid som eg var så van med før.
Vi var ein liten tur til Vik f.m.; eg måtte sikre meg fargekassettar til printeren og rikelig papir, Nils skulle ha motorolje til båten.
Etter lunsj fekk båten botnsmørning, og eg shina opp kjøkkenet.Ikkje hagearbeid i dag.
Middag åt vi relativt seint, så eg fekk meg ei stund med lydbok på altanen, før eg sette i gang med å steike makrell. Det var vel siste makrellmiddagen i år, men jammen smakte det godt denne gongen også. Vi et ikkje alltid like sunt, men vi et i alle fall mykje fisk!
Det er meldt fint vêr i morgon også, vi får passe på å vere mest mulig ute før hauststormane kjem.
Eg er litt fortvila over denne lærarstreiken, og over at rektorane ikkje stiller seg solidarisk med lærarane. Synest at KS snart må besinne seg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5.august
Klokka er no19.00,temperaturen ute er+18 grader C, det er overskya men opplett. Men det har nok vore regn sist natt også. Denne sommaren ha...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
1 kommentar:
Det er eg heilt samd i!
Legg inn en kommentar