Klokka er ca 21.30, og temperaturen ca +11 grader C. I dag vakna vi til ein ny sommardag eller nesten det. Det var i alle fall sol.
Etter ein liten tur til Vik, på Amfi, på biblioteket og på Gjenbruk, fann vi ut at vi ville ta ein tur til Hareid, såpass dei fekk smake plommene våre, dei også. Vi plukka opp i ein liten balje.
Deretter laga vi oss middag, steikt sei, og kaffi før vi etter kvart tok turen utover. Eg har hatt det problemet i heile dag at eg har trudd det var laurdag, men sidan det altså er fredag, måtte vi ta litt omsyn til at somme var på arbeid. Før vi kom oss av garde kom det ei voldsom regnbyge, men i Eiksund var veret fint igjen.
Vi fekk med oss ei god pratestund på Hareid, pluss kaffi og kaker. Og så måtte vi sjølvsagt beundre rosene i hagen. Særlig Peacerosene stod fine no.
På heimvegen la vi turen om nærmaste by, Ulsteinvik. Vi ville sjå om det nye vegprosjektet var i boks, blant anna. Fordi vi køyrde ein annan veg enn den vi brukar å ta, hamna vi lenger ute enn vanlig, og der gikk vi ut på ein molo der det var fin utsikt inn mot byen. Det er ca 30 år sidan første gong vi var i Ulsteinvik, og då såg der heilt annleis ut enn i dag. Mange store bygg har kome til, og enda fleire er under oppføring.Men det første ein legg merke til anten ein kjem frå Ørsta eller Hareid, er dei mange store heisekranane på skipsverfta, Dei står der- no som før.
God helg til alle!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar