torsdag, juli 03, 2014

Dagbok 2014: 3.juli

 ROMA I DAG.
Klokka er no 20.15, temperaturen er + 15 grader C og det er overskya med litt regn av og til. Greitt nok med litt innevêr også innimellom. Og det er verken kaldt eller vindfullt. Men det vart litt skymt og grått når sola forsvann.
I dag har det ikkje hendt så mykje. Eg brukte føremiddagern til litt helgavask og så var vi ein liten tur på biblioteket såpass eg fekk lånt meg ei ny lydbok. Eg er som regel førstemann til å låne alle nye lydbøker, for eg er snar å levere tilbake. Eg er enno ikkje heilt ferdig med den eg les no, den er på 17 CD-plater.
Vi var ikkje på butikk i dag, og då vi kom heim tok vi oss litt lunsj før Nils for av garde for å prøve den nye fisketroda. Då fann eg ut at eg godt kunne støvsuge, så fekk eg fri i morgon. Han kom heim utan fangst, men sidan han hadde tatt opp sei frå frysaren var vi ikkje matlause. Det er ei stund sidan sist vi hadde steikt sei, så det smakte fortreffelig. Eg hadde laga i stand salat tidlegare på dag, så det vart det sunne innslaget.
Vi berre MÅTTE kvile litt etterpå, før det vart kaffi og jordbær til dessert. Ja, for vi måtte jo feire Solveig sin fødselsdag, sjølv om ho er i den evige stad og feirar der.
Mimrebildet eg har funne fram er frå sommaren 1965. Det året budde ungane (Solveig og Rasmus) og eg hos mamma på Eid i ca 1/2 år, mens Nils jobba i Høyanger. Det var ein veldig fin sommar det året, og vi fekk virkelig nyte den. Eg hadde "arbeidet" med meg, og Audny var fødd i mars same året,så Bodil var heime med henne; ho er berre 5 mnd. yngre enn Rasmus. Bodil og eg gikk mykje og trilla, somme gonger kom ho opp til oss og veldig ofte var eg på Hildegard. Til og med mamma fekk vere mykje fri, sidan ho braut handa og vart sjukmeld. Nils var også sjukmeld ein periode, slik at han kom "heim".
Solveig fylte 2 år den sommaren, og eg har som ein mistanke om at det kan vere den dagen bildet er tatt, men heilt sikker er eg ikkje. Tante Elin held Audny på fanget, og Solveig står attmed. Rasmus er av ein eller annan grunn ikkje med på bilet. Kvar gong ein av ungane har fødselsdag ønsker eg at eg kunne skrue tida tilbake til då dei var små, om det så var berre for ein dag.(Beklager den dårlige kvaliteten på bildet-det var betre som LITE)
Vi gratulerer Solveig med 51-årsdagen og håper ho har det fint i Roma. Det held på å bli ein tradisjon at ho feirer dagen der.

GRATULERER MED DAGEN, SOLVEIG !

1 kommentar:

Elin sa...

Det var eit artig tilbakeblikk! Gratulerer med eldstedøtra!

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...