Klokka har passert 20.30, temperaturen er +16 grader C og det er overskya. Då vi stod opp i dag var det skodde i fjella, men det letta etter kvart, og vi fekk sol ei stund før det skya over. No har vi skyer, men ikkje vind! Og meldingane framover viser at det skal bli regn!
Ja, vi får glede oss over at vi har hatt mykje sol og finevêr hittil i sommar, og vi som har heilårsferie har hatt høve til å nyte det. Så får heller Nils finne seg i å kle på seg.
I dag for vi tidleg av stad og handla, vi skulle eit ærend på Plantasjen og så vart det Amfi etterpå.
I dag venta vi på Bodil og Svein, og då det leid på dag, fekk eg bilde frå Bodil på mobilen min. Nils og eg stussa litt, var det Bodil eller Svein som sat under padda? Litt spinkelt til å vere Svein, men Bodil brukar ikkje å ha oppbretta ermar? (Eg har ikkje verdens beste mobil). Mysteriet vart oppklart då dei kom og hadde med seg Kristine.
Audny skulle til Ørsta og levere bilen til reparasjon, så då ho kom til Ørsta, reiste foreldra for å "plukke henne opp"- det var det som var ærendet deira denne gongen.
Eg hadde berre smurt nokre skiver i all enkelheit, men dei hadde marsipankake med seg, så det blei litt meir "festlig". Eg hadde no litt søtmat i bakhand som eg kunne ha tatt fram om det hadde vore behov for det. Kjekt å treffast og prate.
Nils fekk endelig fiskestonga som han hadde tinga på sportsbutikken i dag, så då vi vart åleine måtte han ein tur bort på terminalen og fiske frå land. Men der var det så fullt av fiskarar, dei fleste utlendingar, som fiska makrell at der var ikkje plass til fleire.
Vi sådde reddikar i ei plastkasse for nokre få dagar sidan, og no spirer dei. Ruccolasalaten har eg ikkje syt for, den kjem nok, den også. Elles kan eg melde at kattane held seg borte frå blomsterbeddet etter at eg begynte å vatne med kaffigrut. No lurer eg på om eg må vatne beddet i kveld eller om eg kan stole på at regnet kjem.
No har eg tatt det veldig med ro nokre dagar og kledd meg som om det skulle ha vore midt på vinteren, og jammen trur eg det hjelper. Bank i bordet.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:16.september
Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
1 kommentar:
Kjekt med ein prat igjen, takk for nonsmat, blome og fisk.
Eidabesta
Legg inn en kommentar