mandag, juli 28, 2014

Dagbok 2014: 28.juli

Klokka er 21.15, temperaturen ute er + 21 grader C og sola skein til for ei lita stund sidan. Då vi stod opp i dag var det både skyer og skodde, men så vart det fint igjen. Eg har ikkje sjekka men det var visst opp i 27 + i dag også. Kongsberg hadde rekorden med + 29, men då reknar eg med at det var målt på ein litt "kald" stad. Her i Ørsta måler dei visst ved flyplassen, og der er det mange grader kaldare enn her hos oss.
Når ei husmor tek fri ei heil veke syner det att i huset, det er som eg plar seie, husarbeid syner berre att når det ikkje vert gjort. Så i dag vart det vasking, støvtørking og støvsuging heile føremiddagen, så no ser her bra ut, så lenge det varer.
Nils fekk ved av ein nabo som hadde saga ned ei stor bjørk og ikkje trong veden sjølv. Så han vart ståande å kløyve ved i garasjen ei stund, før han slo plen.Det er alltid noko å ta seg til når ein har hus og hage.
Etter lunsj slappa vi av på altanen, og eg fekk lese ut boka eg har halde på med litt for lenge.
Nils koka salta lange til middag, og då må eg berre halde meg langt vekke, for det skal han gjere på sin måte.(Eg synest fisken skal koke/trekke litt lenger enn han gjer).
No har vi hatt ei stund og sett TV, og meir blir det. Elles har vi sett lite TV i sommar, dvs. NILS har sett fotball, en ikkje eg. Det har vore ein utrulig fin sommar, og for min del kan den gjerne vare lenge enno.

1 kommentar:

solveig sa...

Det har vorte gjort lite husarbeid og vore lite Tv-sjåing her og. Vi er vane med å sleppe det vi har i hendene når sola viser seg ...

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...