tirsdag, juli 29, 2014

Dagbok 2014: 29.juli= olsok

Klokka er 22.10, temperaturen ute er + 18 grader C, og det er nokså skya, med delvis rosa skyer.
Vi er nettopp komne heim frå ein lang biltur, så eg orkar ikkje å skrive så mykje i kveld. Etter så mykje biling får eg meir tinnitus enn vanlig og så er eg litt svimmel.
Men eg likar å reise, det er ikkje det. Vi var litt seine før vi kom oss av garde, for Nils heldt på å egne liner ute i garasjen. Han kom med eit uventa forslag om å ta ein tur til Måløy- men eg lukta lunta!
(Der er nemlig ein veldig velutstyrt butikk med alle slags fiskesaker i byen).
Ruta vart: Volda-Folkestad- Straumshamn  (ein liten stopp hos Margrete)-Bjørkedalen-Hjelmelandsdalen- Stårheim osv. til Måløy, der Nils fekk handla onglar etc.Eg såg meg omkring og prøvde å finne hus og gater eg kjende frå før. Vi åt middag på ein Thai restaurant som Bjørg hadde skrive om på bloggen sin. Nydelig mat. Så gikk turen vidare til Raudeberg-Vedvik-Refvik-Raudeberg-Måløy-Maurstad- Åheim- Fiskå- til ferjeleiet på Koparneset der vi måtte vente nesten ein time på ferja.(Dårlig planlegging). Vi køyrde så rett heim. Slik kan det gå når ein har ein innbitt uvilje mot å reise same vegen tibake. Men vi hadde ein veldig fin tur, og i alle fall eg, såg mykje vakker natur.
Skal legge inn bilde med kommentarar seinare, no er eg svolten.
Bildereportasje:
Vegen over frå Bjørkedalen til Hjelmelandsdalen var om lag så dårlig som eg hugsa den, men vi fann brua der Margrete plar stoppe for å gå på den gamle postvegen. Elles vart det ingen stopp før vi kom ned til setrane i Hjelmelandsdalen.
På setrane i Hjelmelandsdalen var eg fleire gonger i ungdommen, men eg kjende meg ikkje att, for no er der hytter og vegar overalt. Men denne setra kjenner eg-trur Bodil må hjelpe meg med namnet.
Den tida vi budde på Raudeberg, reiste vi ofte til Eid, men det var tungvint. Innover reiste vi med buss til Måløy, så var det ferje over sundet og ny buss på andre sida. Heim att reiste vi gjerne med båten Sunnfjord til Måløy, og så måtte vi vente til bussen gjekk til Raudeberg.Det var før brua kom. Sist vi reiste over Måløybrua bles det 25m/sek.-denne gongen berre 2m/sek.


Overalt i byen var det blomster, både i gatene og i private hagar. Trur Molde må gi frå seg tittelen "Rosenes by" til Måløy. Her har eg funne att det som var hovudgata i gamle dagar. Eg trur kanskje det må vere Gate 1. Som kjent har ikkje gatene i Måløy namn, berre nummer. Om lag som i New York.
Dette glasmagasinet var det Bjørg Lefdal (gift Gotteberg) som dreiv i mange herrens år. Trur ho var nærmare 90 år sist eg var innom. Ho hadde alltid stort og godt vareutval og eg handla mykje med henne. Har enno ei vassause i rustfritt stål som eg kjøpte av henne, til ein "god pris". Eg veit ikkje om nokon i slekta driv butikken no, men for meg var det litt kjekt at den var der.
                                              RAUDEBERG
På Raudeberg er mykje forandra sidan vi budde der  frå 1962-65. Men kyrkja står der ho stod, og båtane ligg der dei låg, dei er berre blitt større og finare. Dei to første åra budde vi i bakken rett ovafor der som båtane ligg. Denne gongen lukkast vi i å finne att huset, som no var blått, den gongen lysegult. Vi budde i kjellaren, og den viser ikkje på bildet.Det eg kjende att var tørkestativet, det stod som for over 50 år sidan. Vi måtte gå eit lite stykke oppover stigen, som var snarvegen til butikken den gongen, men butikken er det ikkje mykje att av.Eit trist syn.
I denne kyrkja vart både Solveig og Rasmus døypte. Mamma bar Solveig til dåpen, Nils bar Rasmus.Margrete vart for øvrig døypt i kyrkja på Eid.
Eg jobba på Raudeberg skule i to år. Då var det kome opp bygget til høgre, mens huset til venstre er mykje nyare. I mi tid stod "gamleskulen" der.
 Her er huset vi budde i dei to første åra, Per-kjellaren kalla vi leilegheita vår.
 Og her er vegen ned til butikken, ikkje lange stubben å gå.
Våren 1964 flytta vi inn i andre etasje i dette huset, og det var her vi budde då Rasmus vart fødd. Ho som eigde huset var pensjonert lærar, og eg kjende henne frå skulen. Det var ein hekk rundt huset, og det var mange bilkollisjonar i den såkalla "Hekksvingen".


Frå Raudeberg køyrde vi mot Vedvik der ein har flott utsikt vest i havet, og snur ein litt på seg, kan ein sjå vindmøllene på Kvalheimsfjellet.





Refvik og Refviksanden er eit kapittel for seg. Sidan eg har to veninner som har "fritidsbolig" i området har eg vore her nokre gonger. Temperaturen og vêret frista ikkje til bading denne dagen, men eg tippar stranda var rimelig full på dei varmaste dagane.
Det blei ikkje teke bilde på heimreisa, for vi hadde inga aning om kor lang tid det ville ta å køyre frå Maurstad til Koparneset. Hadde eg visst at vi skulle vente nesten ein time på ferja, hadde vi stoppa oppe på Åheimsfjellet (eller kva det heiter) for der var det veldig fint. Og det var lenge sidan vi hadde vore akkurat der. Vi vurderte å køyre heimover over Selje, men fann ut at turen til Stadlandet ville vi ha til gode til ein annan gong. Det vart ein tur med mykje bilkøyring, men når sjåføren ikkje klagar, er det greitt for meg.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Kjekt å sjå og lese! Her er mange fine stader i dagstur-avstand.

Besta sa...

Ja, det er sant. Bilda denne gongen var ikkje så fine, men det var så mykje som skulle med. Håper vi kan ta ein tur til Stad og Selje om ikkje så lenge. For oss blir desse turane "minne"-turar, vi har vore der før, og minnast opp att om "den gongen....". Eg får som ein liten klump i halsen kvar gong eg kjem til Raudeberg. Og å sjå att tørkestativet der eg hengde opp bleiene til Solveig...Var GLAD i det tørkestativet, med mange lange snorer.Mykje er forandra, men tørkestativet står lizzom.

Hildegard sa...

Fine bilder og flott reiseskildring. Noko å ta vare på.

Besta sa...

Solveig har ofte bede meg om å skrive ned livshistoria mi. Det orkar eg ikkje å begynne på. Det var ho som foreslo at eg kunne skrive stykkevis på bloggen. Då ligg det på nettet.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...