Klokka er 22.30, og no regnar det. Det er ei stund sidan sist! Det gjer sikkert godt, og yr.no lovar at finevêret skal komme tilbake. Temperaturen ute er ca +17 grader C no, men før middag var det varmt og godt til tross for at det var overskya. Litt trist ute no, etter at vi har gått her med opne dører og hatt det varmt og godt.
Rasmus hadde sagt at dei skulle kome mandag kveld, men eg var ikkje sikker på at dei kom så seint, så eg laga like godt ferdig den tradisjonelle "velkomstmiddagen": lasagne med salat til. Til dessert hadde vi kaffi og gulrotkake.
Det var bra for dei kom allereie klokka 15. Det var sjølvsagt berre kjekt, så fekk vi heile ettermiddagen og kvelden i lag. Gutane finn seg vel til rette, og om her ikkje er så mange opplevingar, kan det vere greitt å slappe av litt etter badelanda, Legoland, Hunderfossen etc.
14.juli var mamma sin fødselsdag, i dag er det 110 år sidan ho vart fødd. Eg tenkjer alltid på jordbær i samband med feiringar av dagen, men her i hagen vår er det snart slutt på jordbæra. Det vart tidlig sesong i år.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:24. august
Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva le...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar