onsdag, juli 16, 2014

Dagbok 2014: 15.juli

Klokka har passert midnatt for snart ein halvtime sidan. Dei yngste er i seng, og vi andre står på beddingen, med berre eitt bad tek kveldsseremonien si tid.
Temperaturen ute er +15 grader og det har regna godt ei stund i dag.
Dagen begynte relativt rolig, med sein frokost etc. Nils og Rasmus tok med seg gutane ut for å fiske, Wenche nytta høvet til å ta ein tur på butikken, og eg las litt i boka mi, og laga ei vaffelrøre. Då alle igjen var samla, åt vi vaflar og drakk kaffi.
Har hatt ein liten mistanke om at oppvaskmaskina har begynt å fuske, og i dag, vaska ho ikkje opp i det heile tatt. Og eg måtte ta ut alle dei skitne kjørelda og vaske opp for hand. Greitt nok, men det held med ein gong.
Vi måtte sjølvsagt ha ei ny maskin, og håpa berre dei hadde noko brukbart på lager.
Nils og eg var på Elkjøp og fann oss ei maskin der, og kven andre trefte vi der enn Stein-Inge &Co. Det vart ikkje høve til å prate så mykje, sidan ekspeditøren var oppteken med oss. Vi fekk maskina med oss heim, og takk og pris for at Rasmus var her og kunne hjelpe Nils både med bering og montering.
Etter ein del styr fekk eg endelig laga middag, i dag var det fiskekaker frå frysaren. Det blei ein hektisk dag på mange måtar, men kva tid passar det at oppvaskmaskiner streikar? I kveld har eg tømt maskina for nyvaska , reine og fine tallerkar, koppar etc. Det var ei fryd.
Innimellom har vi sjølvsagt kosa oss i lag med Rasmus og familien. I morgon kjem Margrete hit ein tur, det ser vi fram til. Og ho har vel med seg Charlie ?

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...