søndag, juli 13, 2014

Dagbok 2014: 13.juli



Klokka er 21.00, og det er like før avspark. Eg er glad at fotball VM nærmar seg slutten. Det har vore enda ein nydelig sommardag; høgaste temperaturen eg har målt i dag er + 27 grader C. No er sola vekk frå byggefeltet vårt  og temperaturen har gått ned til +24 grader C.Herlig temperatur det også.
Eg har ikkje vore lenger enn ut i hagen og på altanen i dag, Nils var på ein liten tur og fiska frå land. Stort sett har eg berre lata meg, rydda litt i huset,vatna litt plantar og lege på solseng og lese bok. Og så har eg prata med naboen. I morgon blir det litt meir livat her, for då kjem Kongsberg-gjengen. Dei er no på Mageli camping på Tretten.
I går var eg mildt sagt fortvila fordi MP 3-spelaren min svikta,  fekk ein Walkman av naboen, men då det lei på kveld var spelaren min heilt i form igjen; den måtte vel berre kjøle seg ned litt.
I går kveld var det såkalla supermåne. Kan ikkje forklare det annleis enn at månen er nærmare jorda enn vanlig, og derfor ser veldig stor ut. Det var eit flott syn, men det var for lyst ute til at eg fekk noko godt bilde. Pass på å sjå etter månen i kveld,; den var full i går, men har vel ikkje minka så mykje.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...