lørdag, juli 12, 2014

Dagbok 2014: 12.juli

Klokka er 20.30, temperaturen er +23 grader C, max temp i dag var + 27 grader G. Det har vore enda ein nydelig, varm sommardag med sol frå morgon til kveld. Men akkurat no mørknar det til i aust, så det spørs om det kjem ei byge. Heilt greitt for meg, så slepp vi å vatne, men det er nok med EI byge.
Vi har ikkje gjort så veldig mykje i dag, dvs. Nils har no klipt plen innimellom, har klipt den kort og samla opp. Greitt å sleppe slikt når vi får besøk; Rasmus med fam. kjem mandags kvelden, dei er på Hunderfossen no. Eg har klipt kantar med kantklippar og så har eg vatna. Vi heldt i alle fall heten.
Eg låg på altanen og las bok ei stund. I går brukte eg hijab, i dag vart det turban. Det siste funka best. Turbanen bestod av ein frottehandduk oppvridd i iskaldt vatn. Det gjeld å halde hovudet kaldt når ein skal vere ute i sola. Det gikk litt ut over frisyren, så eg måtte dusje og vaske håret etterpå.
Elles har eg streva veldig mykje med tekniske problem i dag. MP 3-spelaren (type i- Pod) streika, og eg greidde ikkje å reparere den med synål. Så vart det å ta fram Walkman-men forsyne meg streika den også. Eg bytta batteri utan at det hjelpte, og så datt der ut ei bitte lita kule som eg, utrulig nok, greidde å få på plass. Men det vart ikkje betring. Og eg fer ikkje og kjøper ny i-Pod rett før stengetid på laurdag. Nei, då var det lurare å beklage seg til naboen! Ho hadde to Walk-men, så ho avstod den eine til meg. No er det ikkje alle som kan forstå kor viktig dette er for meg. Eg MÅ berre ha ei bok på øyret når eg skal sove.
Elles er her mange andre tekniske problem i heimen, så no ser vi fram til at Rasmus skal kome og ordne opp. Det er nesten synd å mase på han, han har vel nok slike problem i kvardagen, så det kan hende vi må mase på ein tidlegare leigebuar som plar hjelpe oss av og til. No er det fotball på TV igjen, ikkje rart eg må ha rikelig lesestoff.
Vi hadde forresten pizza til middag no i kveld.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...