Klokka er snart 22.30, temperaturen har gått ned til + 20 grader, tidlegare i dag var den ca +30 grader, noko som er nesten for varmt.
Før middag støvsuga eg grundig alle teppegolv før vi var nedover ein tur. Måtte innom biblioteket i dag, sidan det er stengt både laurdag og sundag i sommarferien.
Så var vi innom Coop og handla på tilbodslappane våre + litt til.
Etter ein lett lunsj skulle vi sola oss på altanen, men det gikk berre ikkje, altanen blei for varm i dag. Nils fann ut at han skulle fare ut og vaske båten. Eg syntest det var gale å vere inne i finevêret så eg fann fram hijaben min (bøff frå Sparebank1) og bløytte den i iskaldt vatn og drog det ned på hovudet. Då kunne eg vere ute i sola ei stund. Etterpå var eg ute i hagen og vatna, blant anna.
Seinare laga vi oss steikt sei til middag, og så blei det middagskvil på altanen, men då var klokka nærmare halv åtte.
Og slik går no dagane. Dette må vere den finaste sommaren vi har hatt sidan 1997, det året Olaug og Eirik vart fødde. Det er mange år sidan vi har hatt skikkelig sommarvêr, så no er det berre å nyte det. Ønsker alle ei god helg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024:22.desember
Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er grader C og det regnar litt småt...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
1 kommentar:
Etter det eg kan sjå på yr, ligg det an til ein sånn sommar!
Legg inn en kommentar