lørdag, februar 01, 2014

Dagbok 2014: 1.februar

Klokka er ca. 16.00. Temperaturen ute ca. +7 grader C, og det er nokså skya. Men sola har vore framme stundesvis. Vi har framleis ikkje snø.
I dag har vi vore i Vik, på Amfi. Vi var ikkje så tidlig ute, for eg måtte blant anna vaske håret først. På Amfi trefte vi mange vi kjende, blant andre Ruth og Harald. Det vart mykje prat. Vi handla kun mat, og passa på å bruke lappane. Det var einaste egg vi ikkje kunne kjøpe, for det hadde vi meir enn nok av.Vi var innom biblio også, og henta ei bok som eg hadde bestilt. Eg får melding på mobilen når dei får inn bøker som dei trur eg vil ha. Men eg må først lese ferdig den eg held på med før eg kan begynne på denne. Ser på "God bok" (på FB) at denne boka ikkje er så bra som dei to forfattaren har skrive før. 

Vi fann ut at i dag kunne vi ete middag på Landscape i Volda, for no var det lenge sidan sist. I dag blei det kylling i karri, og kaffi etterpå.Var innom og høyrde etter mønsteret til Margrete sin genser, men det var enno ikkje kome. Sjalet som eg strikka til meg sjølv er ferdig. Det kunne godt ha vore større, men eg var rimelig lei. Mønsteret var fint, og lett å strikke, men eg skulle hatt tjukkare garn og tjukkare pinnar. Kanskje eg prøver ein annan gong. Eg er ikkje arbeidslaus, har alltid lester på gang.
Etter at eg kom heim tok eg eit par vêrbilde frå trappa og altanen, og så rippa eg boka eg hadde lånt. No er det PAUSE i pensjo-heimen.


2 kommentarer:

solveig sa...

Bilde av sjalet?
Eg kan ikkje bruke cooplappane mine før på måndag.
Trur eg må ha meg ein tur på bybiblioteket då

Besta sa...

Må feste trådane og vaske det først. Dessutan er det ikkje perfekt. Strikka det av garn eg fekk av Einar. 2 nøster kvitt garn.

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...