Klokka er 16.30, temperaturen ute er + 3 grader, og det merkast inne at det ikkje er så mildt lenger.
I dag var vi oppe i "skikkelig" tid, for Nils hadde avtale med ein kamerat om fisketur. Eg hadde ikkje anna på programmet enn støvsuging og klesvask, så eg var ferdig før han kom heim med passelig mykje sei. Klok av skade fiskar han ikkje for mykje om gongen, då blir det for mykje etterarbeid.
Eg nytta litt av åleinetida til telefonsamtale med ei veninne i Stavern. Det kan gå vekesvis mellom kvar gong eg brukar telefonen, det er Nils som brukar DEN.
Vi tok oss berre ein kaffikopp og ei brødskive då han kom heim, så vi har middagen til gode. I 18-tida ventar vi Håkon som skal få fiskefarse med heim, så Solveig får lage blandaball.
Eg har site ved datamaskina ei stund no på ettermiddagstid. Skulle skrive litt om pensjonistmøtet neste veke, og måtte hente litt opplysningar på nettet. Godt å halde seg "litt i ånde" og ikkje bli sløv før tida.
Blei for sein å ta bilde i dagslys i dag, det mørknar så brått; men eg såg i alle fall rosa skyer i aust. Trur det blir vinter no, håper det kjem litt snø før vi ev. får kulde. Berrfrost er ikkje bra for hagevekstane.
I dag kan vi gratulere fetter John Per med dagen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025:14.juli
Vi er i grunnen komne til den 15.juli, for det er ein time etter midnatt. Den 14.juli var det bryllaupsdagen til Rasmus og Wenche og mamma ...
-
Her har eg prøvd kantklipparen bort under buskene, men så kom regnet. Klokka er no 16.01, temperaturen ute er + 13 ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
3 kommentarer:
Tida har gått fort denne veka også, merkeleg nok, snart helg igjen. Eg også håper på litt snø før kulden kjem, kan vel bli langvarig når det først snur. Det positive er at det blir lysare dagar, men sola kjem ikkje her før kring 20. febr.
Eidabesta
Er stundom innom og les litt her sjølv om eg ikkje gir frå meg så mykje lyd. Litt i tidlegaste laget ønsker eg dykk ei god helg! -OOT
For eit par dagar kika eg ned i frysaren og tenkte det var synd det var slutt på blandaball. Laurdag skal vi ulyste oss og så fryse ned litt.
Legg inn en kommentar