torsdag, desember 26, 2013

Dagbok 2014: 26.desember= 2.juledag.

Klokka er 22.45, temperaturen ute er ca +7 grader C, og vêret er ikkje dramatisk. Ser at det ular og blæs både her og der, men vi merkar lite til det. No har eg rett nok ikkje vore ute for ei dør, men det var no lyst ei lita stund i dag også, så eg fekk sjå ut glaset.
2.juledag er det tradisjon at så mange som mulig av storfamilien er samla her til middag og kaffi. I dag møtte alle opp, dvs.alle som bur på Sunnmøre, Rasmus og dei var her sjølvsagt ikkje.Han ringde forresten før middag og fortalde at der skulle dei ha pinnekjøt i dag, og hadde invitert foreldra til Wenche. Det går bra med foten hans, han verker ikkje, men må vere veldig forsiktig og ikkje kome borti noko.
Menyen her var som vanlig, Stroganoffgryte med ris, poteter og grønsaker. Når eg kokar både ris og poteter er det fordi alle skal få det dei likar best. Til dessert var det riskrem, som eg hadde laga, og karamellpudding som Solveig hadde med.
Då eg ei stund seinare varta opp med kaker og brødmat, var ingen verkelig svoltne. Kanskje kjem det av at det ikkje er snø. Då ungane var små var det vanlig å herje på ute ei stund, særlig populært var det å hoppe frå garasjetaket. Eitt år, då dei var litt eldre, laga dei ein video. Etter ein tur ute vart dei svoltne.
I dag vart det litt skjønnhetspleie. Ingeborg stilte opp med fagkunnskap.
Dei tre eldste gutane var på fotballtrening før dei kom hit, og så hadde dei noko på gang i kveld også. Eg hadde sagt på førehand at dei fekk kome og fare når det passa for dei. Dei hadde Einar sin bil, så dei ordna seg sjølve.
Det er kjekt å samlast og eg let berre rotet stå til vi var att åleine. Då tømde eg oppvaskmaskina, fylte den igjen og vaska opp masse styr og stell for hand. No er maskina ferdig med andre oppvasken, og eg skal tømme den. Huset ser faktisk relativt bra ut. Det er fort gjort å rydde når ein set alle klutar til. Eg gløymde nesten Downton Abbey, så eg miste første fem minutta.
Det er trist å høyre om ulykker på vegane i juletida, og eg er så egoistisk at eg er glad at ingen av mine er ute og fer.Men trist å tenke på dei som blir råka.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...