søndag, desember 22, 2013

Dagbok 2013: 22.desember

Klokka er 19.00, temperaturen er + 3 grader C. Ute er det overskya, regn og mørkt. Trur ikkje det har vore lyst i dag.
Nils og ein kamerat reiste ut for å fiske sei i dag, det var einaste dagen det skal vere stilt på sjøen på lang tid. Dei var ikkje lenge utpå føe dei hadde fått så mykje sei dei ville ha.
Mens dei var vekke baka eg brød. Eg har kjøpt julebrød eit par gonger, men kan ikkje utstå smaken av kunstig kardemomme som dei brukar på bakeri.
Eg hadde eit beger med meierismør som eg hadde varma litt for mykje i mikroen, skulle berre mjuke det opp. Dette smøret smuldra eg i mjøl og laga julebrød etter mitt eige haud, tunge og feite. Smakte ei skive til kaffien, åt den utan smør og pålegg og godt var det. Laga tre vanlige grovbrød også. Brukar ikkje oppskrift når eg bakar brød, hiv oppi det somer"for hånden" av mjøl etc.
Nils rydda og kasta litt frå frysaren, har ikkje hatt plass til brød før. Men det er no vanlig mat som er best, så brød må ein ha. Av fiskekameraten sin fikk Nils eit glas med sild og eit glas "sei-laks" som han har laga sjølv.
Til middag i dag åt vi fersk småsei, det blir vel nok kjøt og tung mat i dagane framover.
Elles skreiv eg eit langt brev på mail og sende rundt til slekt og venner. I år hadde eg planar om skikkelige julekort -men eg er blitt så vant til å bruke maskina til det meste. Mange synest det er heilt på tryne med slike data-brev, men eg set i grunnen pris på dei eg får sjølv, så kan eg lagre dei og lese dei om att når det høver.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag, kvelden kjem så tidlig når det blir tidlig mørkt. I morgon skal vi handle litt og rydde litt i huset. På julaftan kjem vi til å fare tidlig utover til første gudstenesta i Hareidskyrkja. Det høyrer liksom med. Fint med julesongar, kor og musikk for å få "julestemning".

2 kommentarer:

Hildegard sa...

No er dei 4 av barnebarna som er vekke på skule, komne vel heim til jul, litt attelet med reising i mørketida. Lutafiskmiddag og juletrepynting med Kristine i dag, tek jula litt på forskot i år.

Besta sa...

Eg atteleter ikkje så mykje på våre som kjem med fly til Vigra.Verre med dei som ferdast etter vegane. Men eg har gitt opp å attelete på alt og alle, har ikkje oversikta ein gong. Ja, kjekt med litt jul på førehand. Lutafisk er det snart berre eg som likar, så det er ikkje tema her.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...