Byggetid.(gammal dias)
Klokka slo nettopp 19.30. Temperaturen ute ligg litt under + 9 grader C, og det er opplett. Elles såg eg månen i kveld, men han blir ikkje full før på tysdag.Dagen i dag har vore litt spesiell, eg har hatt kjensle av at det er sundag, men det er det altså ikkje. Nils og eg har vore litt uenige om kva dato vi flytta inn i huset her, han sa 13. og eg 14.desember. No har eg sjekka med naboane som flytte inn same dag, og for ein gongs skuld hadde eg rett. Det er i DAG 40 år sidan vi flytta inn i Starevegen 7. Heilt utrulig at vi har budd så lenge i same huset, når eg tenkjer på kor ofte eg flytta tidlig i livet.
I dag sette vi i gang med matlaging rett etter frokost, for at Margrete skulle få seg litt mat før ho skulle på "jobb" på Kulturhuset. I fellesskap laga Nils og eg ei stor panne med ertersuppe, såpass dei fekk med seg ein slank heim att også, og vi har middag i morgon.
Dessutan laga eg to Focaccia-brød når eg først var i gang. Harald hadde ærend til Ørsta, så han kom oppom med Eirik. Margrete hadde ikkje fått tak i han på mobilen, og lurte på om han hadde overnatta i Ålesund, der han var på skuleball i går. Men han hadde kome heim til Volda utpå natta. Utsøvd var han ikkje, så han la seg på sofaen og sov det meste av tida han var. Erlend hadde fått faren sin gamle Smart-telefon, så han hadde litt å styre med. Veldig fredelige typar.
Margrete kom oppom før andre framsyninga som begynte klokka 17.00. Det var ei fin framsyning. No er det berre Amanda av våre som var med, og denne gongen berre i første delen av programmet. Men det er no kjekt å sjå på alle. Det var sikkert ikkje berre eg som kunne tenke meg å vere like sprek som dansarane.
Eg har planen klar for i morgon. Eg skal gjere klar ein jule-middag og så skal vi pakke julegåvene som skal sendast.Eg har ikkje tenkt å bake meir; viss eg vil ha meir kaker, så kjøper eg. Nils og eg kan ikkje ete så mykje av sorten, og får vi besøk, lagar eg som regel til noko anna. Men ein kan lett få litt angst når ein lese om all verdens kaker og lefser på FB. Men eg står imot presset. Ha ei fin helg.(Det gløymde eg å skrive i går.)
Det er med vilje eg ikkje "klipper" vekk den "uferdige" tomta. Vi har faktisk lagt ned ein del arbeid i hagen også. Vi gjorde alt med handemakt.
3 kommentarer:
Artig å sjå desse bildene! Audny og eg var ein snartur til Ørsta i dag for å kjøpe noko på El-kjøp og Lefdal.
Berre utruleg at det er 40 år sidan. De fekk dykk ein koseleg heim i Starevegen.
Det var litt kaotisk her i dag,Hilde, men dokke kunne godt ha kome oppom ein tur likevel.
Ja, vi har hatt det godt her i huset vårt, men no begynner det å bli såpass slite at det skulle ha vore oppdatert. Men taket er tett.
Legg inn en kommentar