søndag, desember 15, 2013

Dagbok 2013: 15.desember.

Så er vi komne til 3.sundag i advent. Klokka har passert 20.00, og kvelden held på å senke seg. Mørkt har det vore lenge. Ikkje mykje julestemning ute, temperaturen er + 10 grader C og det blæs ganske kraftig.
I dag hadde eg to jobbar som skulle gjerest, og vi var ferdige før vi åt middag i 15-tida. I dag varma vi opp att suppa frå i går, så det var greitt. Når ein har stått og skore opp og steikt kjøt på "timesvis" er det godt å sleppe meir matlaging.
Eg er ganske lat når det gjeld juleførebuingar. Når det gjeld mat har eg berre eitt problem- eg er altfor glad i god mat. Derfor er eg ikkje spesielt ivrig når det gjeld baking etc. Nils skal ikkje ha noko søtt, så det begrensar seg eigentlig sjølv. Når det gjeld brød og pålegg får ein kjøpt det meste på butikken. Eg les på FB om folk som bakar og bakar, men prøver å ikkje la meg stresse meg opp.
Det var noko anna i gamle dagar, då hadde dei ikkje så mykje godt gjennom heile året, slik som no.
Når eg gjer noko som eg synest er ganske kjedelig, har eg ei bok på øyret, så i dag har eg fått "lese" ein del. Andre likar å ha på radio eller TV. Ein kan gjere det ein sjølv synest er best.
Eg trudde Rasmus skulle opererast i morgon, men det blir ikkje før på tysdag. Det viktigaste i jula er at ein er friske og har det bra.
No skal eg sjå TV og strikke på enda ein lest. Må ha noko i hendene.

2 kommentarer:

solveig sa...

Faren med facebook og blogg er om ein legg saman alt andre gjer! Ein må gjere det ein kosar seg med av bakst. Når jula kjem, har ein lyst på gode middagar og dessertar. Til brødmåltida får ein kjøpe inn det ein liker. Det går ikkje så mykje pålegg her sjølv om vi er mange.

Besta sa...

Vi et stort sett berre middag, jul eller ikkje jul.Men det skal godt gjerast å ikkje bli påvirka av all FB-bakinga.(Sjølv om eg har NOK kaker.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...