fredag, desember 13, 2013

Dagbok 2013: 13.desember.

Klokka er no 18.30. Temperaturen ute er +4 grader C og det regnar litt av og til.
I går kveld forkynte Nils at han hadde lyst å fiske i dag, for meldingane var gode.Eg hadde tenkt meg på julegåvehandel, så de var vi ikkje heilt på lik linje. Vi vart samde om at det kunne bli tid til begge deler, og då kunne eg få gjort litt heime også. Nils for ut ein gong mellom 8.00 og 8.30. Eg hadde bestemt meg for å bytte på sengane og gjere "julereint" på soverommet. Det var rein bonus då eg såg det fine vêret ute. Det vart råd å henge ut til lufting både sengetøy og teppe. Då eg var ferdig med soverommet, kom Nils heim, det tek ikkje lange stunda å dra opp så mykje sei at det er nok, den skal både fileterast og etast. Etter ei skive + ein kaffikopp var vi klar for shopping, og i dag gikk det unna. Rett og slett fordi eg hadde ein plan og visste kva eg skulle kjøpe. Det vart ein tur til Volda også for å hamstre litt kjøtt hos Johs Jacobsen.Vi handla litt på Kiwibutikken også, der som Ingeborg jobba før.
No er nesten alle julegåvene i boks, bestilte litt på nettet også.Det blir snakka mykje om at vi kjøper for så og så mykje i julegaver her i landet, men eg vil tru at mange gjer som eg: kjøper fornuftige gåver som kjem til nytte - og litt glede? Det er ikkje vekkasta.Då eg var liten trudde eg dei vaksne skrøna når dei sa at dei ikkje ønska seg noko. No veit eg at det er det sant.
 

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg kan skrive under på det siste. Men så blir eg no glad for det eg får. Litt fornying er kjekt. I kveld skal eg ut med kollegaer - om nokon saknar meg på nettet.

Besta sa...

Klart ein blir glad for presangane.Men då ein var barn hadde ein inga eiga kjøpekraft, derfor var det veldig spennande med presangar.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...