Besta: Marie Eline f. Sætre.
Besten: Isak Andreas Skåden
"Geilemyra".
Klokka har passert 17.00, ute er det +14 grader og det regnar. Det har det for så vidt gjort i heile dag.Eg har ikkje vore ute for ei dør, men Nils har vore ute og fiska i lag med den pensjonerte soknepresten vår. Han hadde eit ønske om å "lære" å fiske sei når han vart pensjonist, og i dag passa det. Heldigvis fekk dei bra fangst.
Margrete var oppom før ho reiste med flyet i dag, så bilen står att her. Ho er i Kristiansand og besøker Ingeborg. Ho er vel framkomen. Solveig og Øystein er i Dublin, og i morgon kjem Olaug og skal vere her mens brørne reiser til Oslo(?) på konsert. Det er så vidt det gamle hovudet mitt greier å halde styr på kvar alle er.
Det blei ikkje småsei til middag i dag, for Nils hadde tatt opp skatevingar frå frysaren. Eg steikte dei heilt enkelt, og dei smakte ikkje så spesielt, nesten som kveite. Eg hadde laga omnsteikte poteter med rosmarin til, og DET var godt.
I serien gamle bilde er eg no komen fram til besteforeldra mine på morsida.
Besten og besta kalla vi dei.
Besten vaks opp i Innvik i eit hus som låg heilt nede ved sjøen. Seinare kjøpte han og sonen hans, Matias, ein del av ein gard på Lyslo, og eit stykke som dei sjølve dyrka opp. Garden vart kalla "Geilemyra", men eg trur det offisielle namnet er Indrebø. Sikker er eg ikkje.
Besta kom frå garden Sætre på Breim. Dei fekk tre born: Matias, Amanda og Møyfrid.
Besten var fødd 23.juli 1874 og besta 31.august 1879. Besta og pappa hadde fødselsdag same dag, ho var 20 år eldre enn han.
Besten døde i 1959 og besta i 1964.
Besten kunne så mange gåter og historier. Han hadde vore i Amerika to gonger. Bror hans vart verande "over there" til han var gammal, men besten kom heim mens han enno var ung. Han fortalde oss mykje frå Amerika, men han hadde også vore vakt ved svenskegrensa i 1905. Han fortalde at dei vart gode venner med dei svenske soldatane på andre sida av grensa og håpa berre på at dei ikkje måtte krige mot kvarandre.Det slapp dei heldigvis.
Når vi var i Innvik om somrane hende det at besten og besta spela kort med oss. Særlig var det eit spel som var populært, noko som dei kalla "Lasserakkar", veit ikkje om eg hugsar det lenger. Spelet har kanskje eit anna namn også.
2 kommentarer:
Kjekt å sjå dei gamle bilda og lese om livet til besteforeldra dine, og dei minna du har frå då du var lita.
Kjekt å lese! Eg kan hugse ordet "Lasserakkar", men hugsar ikkje kva det var.
Legg inn en kommentar