onsdag, oktober 09, 2013

Dagbok 2013: 9.oktober

Klokka er snart 22.00. Dagane, og særlig kveldane, går fort.
Det har vore regn og overskya i dag også, men temperaturen er framleis til å leve med. Akkurat no står gradestokken på +8 grader C.
Håkon kom og leverte systra si her i dag tidlig, før han køyrde vidare til Volda.
Vi hadde også ærend til Volda, Nils ville levere litt fisk til Ruth og Harald, så han avtalte eit møte. Olaug og eg gikk inn på Spinneriet (kjøpesenter) der vi såg på ungdommelige klede. Det var ein tanke som slo meg: Eg har aldri kjøpt "ungdomsklede" til meg sjølv. Då eg var ung, gikk vi i barneklede til vi gikk over til om lag same slags klede som dei vaksne. Eit lite unntak er dongeribuksene som var berre for ungdom. No kan dei unge fråtse i ungdommelige, spreke klede for ein relativt billig penge. Veit dei kor heldige dei er? Olaug fann seg ei jakke som ho kjøpte.
Etterpå var vi ein tur på Møre Konfeksjon, der eg likar å handle. Eg trong ny vinterjakke/-kåpe. Kåpe er vanskelig å finne, så valet stod mellom to jakker som passa, ei kort og ei lang. Eg gikk for den lange, og oppdaga først då eg skulle betale, at den var 1000 kr dyrare enn den korte. Men eg angrar ingen ting. Blir det like kaldt som sist vinter, treng ein gode klede.
Sidan vi likevel var i Volda, gikk vi på Landscape og kjøpte Kina-mat.
Det vart ein runde på Amfi også, då vi var tilbake i Ørsta.
Då vi var heime att slokna vi, meir og mindre, alle tre.
Elles har vi to "jentene" site med strikketøya våre og sett på TV og prata. Nils hadde nokre seiar att å filetere. Det er sikkert ikkje så spennande for ein 16-åring å kampere i lag med pensjonistar, men det er ingen som klagar.
Eg nyttar meg av ekspertisen og lærer meg eitt og anna nytt på data.

3 kommentarer:

solveig sa...

Kjekt de kan lære av kvarandre! Vi har hatt ein svært interessant dag i Belfast!

Hildegard sa...

Kjekt med besøk av barnebarna, små og store. Kos dokke! Vi har Mira her i pensjon, går lang luftetur med henne kvar kveld. Om dagane er det nok med ein tur i hagen av og til. Ho er ein svært snill og god hund, kjem til å sakne henne når dei som er på ferie i Tyrkia kjem heim.

Besta sa...

Ser mange godt vaksne damer som går forbi her fleire gonger for dag med hundane sine. Kunne tenkt meg å ha ein hund å gå tur med, men vi vil ikkje skaffe oss hund sjølve i vår alder. Ein blir litt bundne.

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...