Morgonstemning.
Klokka er snart 19.00, temperaturen +6 grader og vi har hatt ein nydelig dag.Vi var litt seine før vi kom i siget i dag. Eg skulle strikke litt og så skulle vi sjå Ørstafilmen som eg fekk i posten i dag osb.
Det blei til at vi køyrde bomvegen opp til Krøvelsetra, men for å få frisk luft, gikk vi siste stykket. Det var nydelig der oppe i dag, men ganske kaldt.
Volda i bakgrunnen.
Piken på broen.
Eit praktisk "hagebord" som står for ein støyt. Med innlagd handvask.
Gamle hytter-og nye.Sjølve seterhusa er lenger oppe i lia, men det var for vått å gå opp dit.
Sist eg var der gikk vi heile vegen opp, men det er mange år sidan.
Der er både gamle og nye hytter der oppe, nokså stor skilnad på standarden.Då vi kom heim laga vi middag. Eg hadde ferdige kjøttkaker , så det var fort gjort å lage litt saus og koke poteter og kål til. Etter at vi hadde slappa av litt, blei det is og kaffi.
No er den eldste og den yngste ute og går tur, mens eg sit her. Eg må helst gå tur åleine, for eg er ei sinke. I morgon har dei tenkt seg ut å fiske, så då kan eg ta fredagsvasken. Skulle vore ute i hagen og rydda også, men det har vore så kaldt og vått hittil.
2 kommentarer:
Kjempefine haustbilde!
Koselege bilder og fine haustfargar.
Legg inn en kommentar