fredag, oktober 11, 2013

Dagbok 2013: 11.oktober.

Klokka er 19.15,og sola har gått ned . Vi har hatt ein nydelig dag med sol frå skyfri himmel. Temperaturen er no +6 grader C. Det blir nok kaldt til natta. Eg er glad kvar morgon blomkarsane ikkje har frose.
I dag reiste Olaug jr. og Nils på sjøen for å fiske sei. Og bra fangst fekk dei. Mens dei var vekke fekk eg vaska og støvsuga til helga. Vi åt fersk, kokt småsei til middag, og etter at vi hadde slappa av litt, dusja og stelt oss, køyrde vi ut att med Olaug og seifiletane som Nils hadde laga klar. Håkon var komen heim så Olaug slapp å kome til tomt hus.
Vi svinga nedom Hareid sentrum og fylte bensin på bilen og kaffi i Statoilkoppane våre. For ein gongs skuld passa det å ta ein tur til Flø, ein ynda plass for alle fotoamatørar. Og eg knipsa i veg.....men så vart det brått slutt på batteriet! Ja, det er mi eiga skuld, som ikkje sjekkar slikt.No er vi vel heime att og har ein lang TV-kveld framfor oss.Ønsker alle ei god helg!




2 kommentarer:

solveig sa...

Kjekt det vart ein fin dag heime også!

Hildegard sa...

Fine bilder frå Flø. Vi tok turen over Brekka i dag. Tok ein del bilder som Svein kan ha til motiv når han skal male bilder.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...