Klokka er snart 23.00, så denne dagen er i ferd med å gå over i historia. Alle dagar går for fort, og somme gonger er det skikkelig gale. Vi søv relativt lenge om mogonen når det er overskya, men legg oss heller ikkje tidlig om kvelden.
I dag har det vore overskya og ein del regn, men temperaturen no i kveld er +13 grader, så det er i alle fall ikkje nattefrost.
Før middag var vi ein tur nedover. Vi hadde ærend på Plantasjen, El-kjøp og apoteket. Ingen storhandel nokon stad. Mat handla vi ikkje i dag.
Då vi kom heim gikk vi ein relativt lang tur rundt i nærmiljøet før vi (dvs. Nils) laga middag. I dag var det salta lange, noko som eg likar godt.Eg prøvde å rydde litt i garasjebeddet, men det var så vått og ekkelt å jobbe med mold i dag. Vi åt middag eit par timar seinare enn vanlig, så ettermiddagen vart kort.
Eg har ikkje gjort noko nyttig i dag, men lese bok og strikka; og så vart det mykje TV når vi skulle ha med oss både regjeringserklæringa og Broen.
Slik går no dagane......
Denne hostaen var fin og grøn for eit par dagar sidan. I dag hadde den fått haustfargar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:16.september
Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar