fredag, juli 19, 2013

Dagbok 2013: 19.juli

Klokka er 19.00. Temperaturen er + 16 grader C, det er overskya, men så langt har det vore opplett. No kjem det noko grått smygande langs fjella, om det er regn eller berre skodde står att å sjå. Hadde håpa på litt sol i dag, men det fekk vi ikkje.
Det har vore godt arbeidsvêr. Før middag var det for vått ute, så då dreiv eg og rydda litt skuffer og skap, eit arbeid som alltid ligg på lur. Etter at vi hadde ete middag og slappa av litt, var vi ute i hagen og jobba. Nils klipte plen, mens eg reinska blomsterbed og brukte den nye kantklipparen. Ja, eg tok nokre lengder med plenklipparen også, for å prøve korleis det virka.Har ikkje klipt plen sidan vi vart motorisert, den gamle handklipparen brukte er nokså flittig.
Den himmelblå riddarsporen, som eg er så glad i, fekk ei sørgelig endeligt i år, den blei slått til jorda av ei kraftig regnbyge. Den som er litt mørkare i fargen, står på ein betre plass og greier seg betre. Fin den også ? Som eg har sagt tusen gonger før: Eg er så glad i blå blomster ! Og eg har mange av dei, men ingen ting er som det skal vere denne sommaren. Det var sein sommar i fjor også, etter å ha konsultert bloggen min, ligg vi minst 14 dagar etter i år, men neste veke har yr lova oss sommar.
Det rosa klatrerosa"New Dawn" er ein av dei eldste plantane vi har, og den sviktar aldri. Den blomstrar heile sommaren og har eit blankt og fint bladverk.
Då eg kom inn at var eg skiten og fæl, så det vart rett i dusjen. No føler eg at eg kan kan ta helg.
I dag skulle vi eigentlig ha vore på Eid og høyrt på bandet "Lommerosk", men Nils er ikkje bra av hosten enno, så vi heldt oss i ro.

4 kommentarer:

solveig sa...

Ja, endeleg fekk vi fint arbeidsver. Olaug og eg dilla vekk halve dagen på bytur. Riddersporane mine har ikkje sprotte ut enno.

Besta sa...

Eg skal flytte dei himmelblå! Riddarsporar er lette å dele, så kanskje vi kan bytte nokre røter?

solveig sa...

Det gjer vi! Kanskje lurt å vente til seinare på sommaren.

Besta sa...

Må i alle høve vente til dei har blomstra av. Den himmelblå har eg fått av Hjørdis, den "kongeblå" har eg kjøpt.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...