Klokka har passert 19.00 med god margin. Temperaturen på trappa er +13 grader C, det er skodde og regn, og litt vind no i kveld. Men ekstremnedbøren som var varsla, ser ut til å utebli. Og takk for det.
Altanen heng full av sengetøy, som ikkje har blitt særlig tørrare sidan eg hengde det ut, snarare tvert om. Men i MORGON skal vêret endre seg om ikkje yr tek feil igjen,
Uansett så går dagane fortare over i historia enn eg likar å tenke på, særlig sommardagane. Vi skulle no vore på ein liten tur til varmare strøk, men det får vere til Nils er bra av forkjølinga. Han hostar og er sår for brystet. Ser ikkje bort frå at eg også kan bli smitta.
Har veldig mykje som skulle ha vore gjort ute, men å jobbe i hagen i denne væta, maktar eg ikkje. Altså har vi hatt enda ein lat dag. Var ein tur nedover før middag, handla litt og henta ei bok på biblioteket, ei som dei hadde reservert til meg.
Då vi kom heim gikk vi ein tur rundt Storebakken for å få i alle fall litt mosjon. Eg hadde med lommekamera- som ikkje virka. Får håpe det hjelper å skifte batteri.
Til middag laga eg berre ei god blomkålsuppe, og så åt Nils makrellen som var att frå i går i tillegg. Vi må prøve å bruke opp det vi har kjøpt inn.Vi lid inga naud i alle fall.
Eg er ikkje vêrsjuk, men plenen og ugraset veks så altfor villig i dette vêret, så vi treng ei endring.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 5,oktober
Klokka er blitt halv seks på ettermiddagen og eg forstår ikkje kvar tida har gått, eg har stort sett site i ein stol framfor TV-en og strik...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
1 kommentar:
Neste veke kjem vi til Sunnmøre. Då skal vi prøve å ta med oss litt sommarver.Vi skal innom Steinhovden først.
Legg inn en kommentar