(Bildet: Melshornet klokka 23.20)
Klokka er blitt 22.00, og eg lurer på kvar denne dagen har blitt av. Ute er det lettskya, og nesten sol-sjølv om den har "gått ned" i alle fall.Temperaturen ute er + 16 grader C, men eg har ikkje makta å kome meg ut.Var ute ei stund før middag, luka litt ugras og løda opp noko ved i tilbygget. Men mesteparten av tida gikk med til å prate med folk som gikk forbi. Kjekt det.Dessutan var eg alt for låk i ryggen til å gjere noko særlig.
Vi åt litt lunsj og slappa av ei stund, og så hadde Nils jobben med å klippe plen, mens eg laga middag. I dag vart det spaghetti og kjøttsaus, og eg åt meg altfor mett. Det skal ikkje skje igjen, for eg kom meg ikkje ut å gå tur.
I staden er eg litt opphengt i boka som eg les no, og går rundt med pluggar i øyra. Men no er TV-en komen på, så då blir det vel ikkje lese meir på ei stund.
1 kommentar:
Nesten same kveldshimmel som her ...
Legg inn en kommentar