lørdag, juni 01, 2013

Dagbok 2013: 1.juni


Klokka er 21.45, temperaturen er + 11 grader C og det regnar. Så fort kan det snu.
Vi er nettopp komne heim, etter ein dag meir og mindre på rek heile tida. Men vi har hatt det kjekt.
Amanda låg her hos oss sist natt, og skulle møte opp på Kulturhuset klokka 14.00. Vi tok ein tur til Vik og var der til vi hadde "levert" henne. Rusla rundt litt på Amfi og i Gågata. Var ein tur innom Føniks.
Var så vidt heimom før vi skulle på ballettshow klokka 15. Vi møtte Margrete, Ingeborg, Eirik og Erlend på Kulturhuset, der vi overvar eit forrykande og flott show. Denne gongen var det jazzballet og hip-hop som stod på programmet, noko som passar meg betre enn tåspiss-dans. Likar betre musikken også.Synest dansarane blir betre for kvart år! Sjølv om dei eldste sjølvsagt er flinkast å danse, er dei yngste utrulig sjarmerande. Å sjå dei små gutane i gangnam style var eit syn for gudar.Amanda vår er blant dei store no, og ho var sjølvsagt veldig flink.
Så møttest vi her, vi andre, mens Amanda skulle danse ei forestilling til, men vi rekna med at ho kunne gå etter første akt, sidan ho ikkje var med i andre. Vi skulle møtest på Rosabella og ete pizza.
Så viste det seg at andre forestillinga begynte kl.19.00, ikkje klokka 18, som vi trudde. Vi for ned og bestilte mens vi venta på Amanda, som ikkje kom før klokka 21. Ho fekk med seg pizza heim, så dei rakk ferja.
For oss var alt greitt, for vi har tida til rådigheit, men Margrete angra på at ho ikkje hadde kjøpt billettar til siste forestillinga. Ho har mange eksamensoppgåver å rette!
No er det ferie på ballettskulen.Eg har ikkje fått tak i bilde enno, men det kjem vel etter kvar, både avisbilde og private.
Eg fekk sett TV på opptak før vi for, så vi har rikelig program for kvelden.
(Bildet av Amanda på "Rosabella" er det Ingeborg  som har tatt-og eg har lånt det frå Margrete sin blogg.)

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...