fredag, mai 31, 2013

Dagbok 2013: 31.mai

Klokka er vel halv seks. Temperaturen ute er + 19 grader og det regnar. Om det skal halde fram med det, eller om det berre er ei byge eller to, står att å sjå. Før regnet kom var det lettskya og fint.
I dag er Margrete i Bergen på sensor-opplæring, og Nils henta dei to yngste ungane i Volda etter skuletid.(Dei tek ferja åleine) Eirik vart ikkje med for han skulle spele fotball.
Eg laga fiskebollar på føremiddagen av lyren som Nils fiska i går, og serverte dei med kvit saus, bacon og finrivne gulrøter. Amanda fekk kvile seg ei stund før Nils køyrde henne ned til Kulturhuset. Det er vårshow på ballettskulen i dag og i morgon, vi skal på første framsyninga i morgon.
No er det berre Erlend som er her hos oss, og han merkar vi ikkje mykje til, han er oppteken med data. Margrete skal hente han når ho kjem heim i kveld, men Amanda skal vere att til i morgon. Det er travle dagar for dansarane.
No håper eg at regnet som kom skal sette fart i graset, så vi får bort isbrannen på plenen. Eg likar godt sol og varme, men det friskar opp med ei regnbyge, berre den ikkje varer heile sommaren.
Ønsker alle ei god helg!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...