Klokka er ca 20.30. Ute er det lettskya, fint vêr, og temperaturen er + 17 grader C. Litt grått i dag tidlig, men så vart det sol og sommar etter kvart.
I dag har vi stort sett halde oss heime og pusla, så eg har ikkje så mykje å fortelle om. Har gjort ein del hagearbeid, slikt som tek tid men ikkje viser så mykje att. Men det er kjekt så lenge ein kan vere ute og styre med noko.
Nils egna linene sine, og sette dei ut i kveld, så no håper vi på god fangst. Nils drøymer om steikt kveite med heimelaga remuladesaus.
I dag hadde vi sein middag, og då var det sommarkotelettar med godt tilbehør. Vi har ikkje handla i dag heller, og då blir det å finne noko i frysaren. Det skulle vi ha gjort oftare.
Elles låg eg på altanen etter lunsj og las i boka mi, måtte stelle litt pent med ryggen min i dag.Nils begynte å slå plen, og då stod eg opp att.
No har vi nettopp sett "Grønn glede" på TV, og der var buska mi! "Perlebusk" heiter den - tenk at eg kunne gløyme det. Kjekt å sjå hageprogram, men eg synest dei plantar for mykje og for tett. "Less is more" meiner eg. EG vil i alle fall ikkje plante så mykje, for eg er ikkje SÅ glad i å rense ugras.
Vi har hatt mange fine dagar hittil i sommar, får håpe resten av sommaren blir like fin.
Sidan eg skreiv om Bjørke for eit par dagar sidan, kan eg presentere eit nytt tilbod som kjem der inne. Det er "Bakketunet" som skal vere ope kvar sundag frå 22.juni -29.september.
De kan lese meir på www.bakketunet.com
Elles er kafeen på bedehuset open om sundagane, og så er der noko som heiter "Antikkløa" eller noko liknande.(Nils og eg er ikkje interesserte i antikvitetar, føler oss likk som slike sjølve.Så der har vi ikkje vore)
Bildet: Hjørundfjorden frå kaia på Bjørke.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025:22.juni
Klokka er no 17.00, temperaturen ute er +14 grader og det regnar for det meste. Då har dei det litt finare dei som er på bildet over- I å...

-
Her har eg prøvd kantklipparen bort under buskene, men så kom regnet. Klokka er no 16.01, temperaturen ute er + 13 ...
-
Klokka er no 17.54, temperaturen ute er + 16 grader, det var overskya til å begynne med i dag og tilløp til regn, det har blitt finare etter...
2 kommentarer:
Eg har ikkje sett programmet, men har tatt det opp. Kanskje vi kan ta oss ein tur til Bjørke i sommar. Eg er usikker på om eg har vore der.
Vi har vore på hytta eit par dagar, tatt slåtten og slappa av. Fredeleg og godt der ute.
Legg inn en kommentar