fredag, juni 14, 2013

Dagbok 2013: 14.juni

Klokka er 20.00, temperaturen ute er + 12  grader C og det har regna det meste av dagen.Det var ikkje slik eg hadde tenkt det, trudde det skulle bli bra vêr i dag, men det er visst utsett til i morgon.Har lyst å komme meg ein tur ut om døra.
Før middag gjorde eg lite og ingen ting. Ringde ei veninne som har bursdag, og så var vi ein tur nedover. På biblioteket fann eg to bøker eg ikkje har lese, begge norske krimbøker.Eg er overfora på krim. Denne gongen vart det Unni Lindell og Kjell Ola Dahl som vart med heim. Har så vidt begynt på Lindell, lyspunktet er at Nils Ole Oftebro les.
Gikk ein liten tur før middag, sidan vi berre skulle varme opp restar. Nils har drive og kløyvt nokre store vedkubbar med hand, og eg hjelpte til å køyre veden ned i tilbygget og løde den opp. Det var ingen stor jobb.
Nils har fått not over jordbæra i dag, etter at han oppdaga at fuglane var begynt å plukke karta. Det er takka for at vi fôrar dei heile året!
No blir det vel å sjå TV utover kvelden.

4 kommentarer:

Hildegard sa...

Lenge sidan eg har lese krim no, vart litt lei denne sjangeren etter "Gjenferd". I vinter/vår har eg kosa meg med gamle klassikarar som dei har som lydbok på bibl., sist "Hellemyrsfolket" 4 bind av Amalie Skram. No er eg nett ferdig med digibok John Irving "Siste natt i Twisted river".
Eidabesta

Besta sa...

Hellemyrsfolket har eg lese minst to gonger, hadde den første boka som pensum på DH. Det er ei oppleving å høyre dei på lydbok.
"Siste natt ...."har eg også lese, ikkje den beste boka til Irving, men OK.

solveig sa...

Einig i at Hellemyrsfolket var bra på lydbok. Amalie Skram har eg verkeleg sansen for.
Isbaderen har eg lese, men er usikker på Unni Lindell si. Lenge sidan eg har lese noko av hanne.

Besta sa...

Les Unni Lindell berre fordi eg ikkje fann noko anna, og....fordi det er Nils Ole Oftebro som les.
I seinare år har eg lese ein del Amalie Skram, og er det ein forfattar som ikkje har fått det fokus ho absolutt har krav på, så er det henne. Ho var langt "forut" si tid.

Dagbok 2021: 29.juli :Olsok

Klokka er no 15.25, temperaturen er + 27 grader og det er lettskya. Det kan visst komme torden og regn etter kvart, men enno er det opplett....