I dag går tankane mine tilbake til 1969. Vi budde på Melle den gongen, og eg var heimeverande med tre born under skulealder. Eg hadde lova Bodil å passse jentene deira når ho skulle på "føden". Den 6.mai kom guten deira til verda, og Svein kom og henta meg og ungane. Det var nydelig og varmt vêr den dagen, men snøen var ikkje heilt bort, så ungane sprang rundt i shorts og kasta snøball.
I nokre få dagar fekk eg prøve korleis det var å passe og stelle 5 barn, den eldste 6, den yngste 1 år.Det var litt uvant for å seie det slik. Den gongen heldt vi til i 2.etasje på Hildegard, så det vart mykje opp og ned trapper. Det mest spesielle var likevel varmen. Det vart glodheitt i fleire dagar, heilt ekstremt for årstida. Mamma var framleis i jobb og budde oppe ved sjukehuset, men kom ned om kveldane og hjelpte til.Ungane var fredelige og snille, kanskje fordi 4 av dei 5 var jenter? Eidajentene hugsar nok enno då eg pynta dei med kjolar bak-fram då dei skulle opp på sjukehuset og besøke mora, og lillebroren, som i dag fyller 44år. Gratulerer med dagen, Stein Inge!
Lise i Stryn fyller også år i dag. I fjor var vi til Nordfjord og feira 60-årsdagen hennar i lag med storfamilien. Lise er gift med søskenbarnet mitt. Ho er framleis ung og sprek og vi gratulerer!
I dag måtte eg ta meg eit rafs inne, rydde og vaske litt etter all rotinga med laging av diverse mat etc. Nils kokte lange til middag, vi åt godt og skulle berre kvile ei lita stund. Stunda vart litt lenger enn planlagt.
Eg har fått dilla på å gå tur, og vil gjerne vere ute. Men no når hofta mi endelig er nokonlunde bra, har eg fått eit anna problem, og det er hælen. Frå venstre hofte til høgre hæl altså. Det er vodt å stige ned, særlig etter at eg har site,og i går visste eg ikkje å komme meg heim igjen då eg var ute og gikk mens Nils såg fotball. Eg veit omtrent kva det er, og det er ufarlig, men vondt likevel. Har ikkje lyst å fare stygt med dei nye skona mine, så eg går ikkje med dei i regn og søle, sjølv om det kanskje hadde vore hjelp i. Ja, eit kvart skal det vere støtt.
Ingeborg er for tida i Minnesota, der dei bur med "kjentfolk". Mannen i huset vart så interessert i bloggen min, då han såg fiskefangsten til Nils.Derfor må eg legge inn eit bilde av Nils og den store langa som han fekk i 2006.
This ling is nearly 18 kg.
Det blei ein liten tur rundt Storebakken i dag også.
1 kommentar:
Koseleg innlegg. Mange gode minner.
Eidabesta
Legg inn en kommentar