Klokka er snart halv seks, sola held på å få overtaket ute, og det er minst +15 grader C. Så no skal eg ut om ei bitte lita stund.
I dag har eg ikkje gjort det skapte grann, men det får våge seg. Før middag var NIls i gravferd. Det var kona til ein tidlegare arbeidskamerat som var død.Han var berre til kyrkje, og ikkje med til gravplassen.
Etterpå var vi på ei lita handlerunde, først på Amfi, så til plantasjen.Hadde tenkt å kjøpe noko å pynte opp med ute, men konkluderte med at det var for tidlig å plante noko enno. Nils fann seg nokre jordbærplantar som han er ute og grev ned no. Eg vil heller handle med ein lokal gartnar, der blomstrane ikkje er så fordrivne som dei på Plantasjen. Her er mange gartnarar å velje mellom.
Då vi kom heim, måtte vi ut og prate med nokre naboar som heldt på med hagearbeid. Det er i sommarhalvåret vi har mest kontakt med dei som bur rundt oss. Dei som bur i nr.12 er veldig hageinteresserte og flinke å stelle hagen, men no har det vakse til med for mykje buskas, så det er berre å klippe ned og køyre skatet på VØR.
Til middag gjorde vi det lettvint, pølser, poteter og surkål. Eg har veldig lyst å gå tur, men det blir vel ikkje så langt i dag heller, med den vonde hælen.
Margrete skulle vere med Amanda på skuletur til Runde i dag; eg går litt på nåler når eg tenker på det. Vi var der då eg gikk på lærarskulen og eg har hatt mareritt om at eg dett ned i fugleurene der, i alle år etterpå. Reknar med at dei er forsiktige.
Nye jordbærplantar.
Det blomstrar i naboens hage.
1 kommentar:
Ja, det er nok litt tidleg å plante ut noko endå. I dag har eg vore ute og raka og rydda litt i hagen for første gong i år. Det gjorde godt. Bra å kjenne at energien kjem tilbake. Vi har hatt Mira her og det er ekstra kjekt. Kristine er på One Direction-konsert på Fornebu Arena i lag med ei veninne og mor hennar. Litt å attelete på der sjølvsagt, for engstelege besteforeldre...
Legg inn en kommentar