onsdag, mai 08, 2013

Dagbok 2013: 8.mai.

Klokka er no ca 19.00. Det er lettskya, og temperaturen er + 20 grader C. Max temp. i dag var minst +24 grader.
Vi stod opp til ein strålande morgon, noko som passa veldig godt sidan "Verdens aktivitetsdag" skulle makerast på Bakk-Ola-marka. Vi ville sjølvsagt vere med på det, sidan vi begge har vore med på å planlegge dagen. Slik eg ser det, vart dagen ein stor suksess, ikkje minst på grunn av det fine vêret. Vi hadde planlagt at aktivitetane skulle foregå ute, så hadde det hølja ned, hadde vi hatt eit problem.
Før mosjonsrunden begynte var det helsing ved ordføraren m.a.
Seniordansarane var på plass og heldt oppvisning, og på eit par dansar kunne dei som ville vere med. Må nesten nemne at ein av instruktørane i dansegruppa er 87 år gammal, resten av danselaget er heller ikkje ungsauer, det er få under 75 år for å seie det slik.
Med tre representantar frå torader-gruppa først i toget gikk vi tur. Ein kunne velje mellom to distansar, rundt husa på Bakk-Ola eller ei ca 1 km lang rute over Simahaugen. For sikkerheits skuld tok eg begge. Og alle fekk premie-knallgule reflekstrøyer!
Mange kjøpte seg mat og sat ute og åt i finevêret, men vi ville heller heim og chille her. Først gjorde vi litt hagearbeid, for min del nesten ingen ting, og så vart vi sittande nedanfor huset og prate med Rajsa.
Vi laga sei i kvit saus til middag, og så kvilte vi middag på altanen. Etter kvart skya det over, men det er framleis fint å vere ute. Eg har lagt ut ein del bilde på FB, men eg har ikkje gått så nær foto-objekta, så det er heldt det eg kallar "knipsebilde". Ein journalist frå Møre-Nytt var der, ho hadde ei kjempelinse på kamera sitt, så det er ikkje rart at hennar bilde blir betre enn mine.
Barn frå Krokedalen barnehage song vårsongar.
Desse ungdommane frå Ørsta vidaregåande skule, delte ut drikke og frukt til varme turgåarar. Eg hadde ein prat med dei og fortalde det eg hugsa frå 8.mai 1945. Dei virka veldig interesserte.(Læraren fornektar seg ikkje). Dei to mørkhuda var frå Somalia og Eritrea.

4 kommentarer:

solveig sa...

De var heldige med veret! Elles så ser det ut som det var variert program.

Hildegard sa...

I fjor regna det på 8. mai, så det var ekstra kjekt med fint ver i år. Fin feiring på Plassen, sjå FB.

Besta sa...

Eg såg det. Sint å feire denne dagen som mange som enno lever hugsar. 1814 og 17.mai er meir fjernt. Det er ei markering her også, men det er helst nokre få som deltek, får lese om det i neste avis.Dagen i dag har vore flott, men no regnar det.

Besta sa...

Sint skal sjølvsagt vere Fint.