Holmane.
Klokka slo nettopp seks slag (18.00). Ute er det overskya, +11 grader C og nokre få regndropar av og til. Vi er nettopp komne heim frå ein liten tur. Vi var eit "ærend" bort på terminalen, og etterpå gikk vi ein tur langs Rossåa.
Tømmer til utskiping.
Eg hadde sjølvsagt med meg kamera og tok ei rekke meir og mindre vellykka bilde. Vi køyrde bort til ungdomsskulen og gjekk langs elva . Sidan sist eg gikk der, var det kome ei fin bru over til andre sida, der eldhuset ligg. I dag var det så stor fjøre at vi kunne gå nesten tørrskodde til Smørholmen, som ligg midt i Ose-elva, der er eldgammal skog og hekkeplass for mange fuglar.
Bru over Rossåa.
Rossåa møter Ose-elva.
Heile dette området ligg nær Velle skule så eg skulle vere lommekjent her, men mykje nytt har kome til i i seinare tid; fotballbaner, plasthall for fotball og ridehall.I "gamle dagar" var heile Holmane eit urørt området der vi tok elevane med for å lære om alle slags blomster og plantar.Ja, heldigvis er ikkje heile området øydelagt.
Her ser vi ned til Velle skule og yrkesskulen.Den blå hallen er ridehall.
Før middag i dag, måtte Nils ta seg av fisken han fiska i går, det er ikkje så kaldt no lenger at den kan henge på dagesvis. Han mol opp 3,2 kilo fisk, som eg laga fiskekaker av. Det blei også middag i dag.
Dessutan kokte han kraft på ryggbeina og flaus, slik at vi kan lage fiskesuppe på kort varsel.Vi har ein del prefabrikert mat i frysaren no, som gjer at det blir mange lettvinte måltid framover. Nils har sett på ein fotballkamp, så eg vurderer å gå ein tur med bok på øyret.
1 kommentar:
De er flinke å gå tur. Kjekt å sjå seg om på gamle tomter. Eg tykte det var litt vår i lufta i dag. Vi har vore i bursdagsselskap til Stein, feira ein dag på forskudd,og det vart til at eg gjekk ein lang tur med Mira for å få ned blodsukkeret.
Eidabesta
Legg inn en kommentar