Morgon og kveld.
Klokka er ca 18.00. Ute er det overskya og nokre regndropar no, opplett før i dag. Temperaturen er +11 grader C. Ei stund i dag var den oppe i +16 grader C- men då var det like før vi vart for heite. Sola var så vidt framme då.
Nils var tidlig oppe i dag og for på sjøen lenge før eg var oppe. Han sette snikar og fiska med snøre. Har fekk ei lange, ei fin hyse og nokre seiar. Ikkje meir enn vi treng sjølve denne gongen, for her var det tomt. Vi likar å ha litt i frysaren, men ikkje meir enn vi klarer å ete unna.Mens han var vekke vart det ikkje gjort så mykje, eg hengde ut og tok inn klede, strauk litt osv. Elles fekk eg rippa ei bok mens eg las ut den eg heldt på med.(Sjå førre innlegg).
Vi venta litt før vi for nedover, tenkte det minka litt på folka utover dagen. Men der tok vi feil. Der var fleire bilar enn nokon gong utanfor Amfi. Etter at eg hadde gjort unna ærenda mine på apoteket, køyrde vi bort på Rema 1000 og handla litt mat.
Vi gjekk ein tur etter at vi kom heim, men i dag var eg ikkje så spek, vart gåen i ryggen. Det er slikt som går over.Kjekt å gå tur i nærmiljøet, treffer folk og får vite litt av kvart om det som skjer i bygda. No ser det ut til at Nils skal sjå fotball på TV, så då kan eg begynne på ei ny bok, som eg ikkje har store forventningar til. Når ein berre les lydbøker, må ein finne seg i at utvalet ikkje er så stort alltid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar