søndag, mai 19, 2013

Dagbok 2012: 19.mai.

Klokka er snart 18.00, og det er ikkje så varmt som tidlegare i dag. Vêret er framleis nydelig og temperaturen er +24 grader C -veit ikkje kor varmt det var på det varmaste, men kan no legge på eit par grader i alle fall.
Vi var relativt tidlig oppe i dag, og sidan eg har ein tendens til å hovne opp i beina når det er varmt, tok eg meg ein skogstur i 9.30-tida, då var det passelig temperatur. Hadde ein fin tur, berre så synd at eg ikkje kan gå så mykje eg vil, hofta er fin, men no er det hælen. Det skal ikkje vere enkelt. I dag høyrde eg gauken for første gong i år, og lyden kom frå nord. Ikkje så rart, kanskje, sidan det er der skogen er.
Resten av føremiddagen låg eg på altanen og sola meg, med lydbok på øyret. I dag måtte eg ligge på magen, sidan eg fekk nok sol på framsida i går. Eg har ikkje kunna ligge på magen på nærmare ti år, men i dag gikk det bra. Til middag steikte eg pannekaker, så hadde vi kaffimat også. Vi er ikkje så nøye på kva vi et når vi er "åleine" heime og det er finevêr.
Har sola meg etter middag også, men kan ikkje ligge pal. Må inn og drikke somme tider. Det skal bli fint i morgon også, men tysdag skal det vere +10 grader og regn, i følge yr.no. Eg berre nemner det..
No har Nils vore og henta seg ein liten venn som han tek med seg på fisketur. Han har lova det så lenge, men sidan han helst fer ut om morgonen, passar ikkje det så bra.Får håpe dei får litt fisk, sånn for moro skuld.
Det er ikkje så mykje fint i hagen vår enno, så eg tok eit bilde hos naboen til å ha øvst på dette innlegget.

2 kommentarer:

solveig sa...

Ein må berre nyte det! Eg sola meg mest på ryggen i går medan eg luka, så i dag passa det fint å sløve.

Elin sa...

Du er voldsom med soling! Eg har mest halde meg i skuggen, sånn for sikkerhets skuld.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...