lørdag, mai 18, 2013

Dagbok 2013: 18.mai

Klokka er snart 18.00 og ein nydelig dag går mot kveld. Temperaturen er + 23 grader C, og sola vil nok skine enno eit par timar. Max temp. som vi har registrert i dag var på + 25 grader C.
No ringer kyrkjeklokkene pinsa inn, og eg vil nytte høvet til å ønske alle ei god pinse. Her i Ørsta har dei frå gammalt av ein skikk som var ukjend for meg då eg kom hit, nemlig å brenne pinsebrising (bål). Lensmann Riise(far til Arill) som var naboen vår nokre år, lærte meg at pinsebrisingen skulle loge, mens jonsokbrisingen skulle ryke.No trur eg dei fleste nøyer seg med å grille, anten det er pinse eller jonsok. Nils og eg skal ikkje grille i dag, vi har nettopp sett til livs store mengder med fiskesuppe. Det var det vi hadde lyst på i dag.
I dag har eg vore gør-lat. Rett nok støvsuga eg alle teppegolva føst på dag, men sidan har eg stort sett lege på altanen og sola meg med lydbok på øyret.Nils har pusla litt i hagen, og vore ein liten tur på nærbutikken.I fjor hadde vi nokre fine dagar i mai, og det var den sommaren vi fekk, så det gjeld å nyte  sola mens ho er her, vi får tids nok skodde og gråvêr.
I kveld blir det vel ei endelaus Grand Prix-sending, som eg berre MÅ sjå, sjølv om eg synest det er nokså kjedelig. Eg vil ikkje at den norske songen skal vinne, så eg slepp å bli skuffa om vi hamnar langt nede. Som favorittar har eg Nederland, Island, Ungarn og nokre til. Likar songar med skikkelige melodiar. Men så er eg vel ikkje i rette målgruppa.Vi har ingen spesielle planar for helga, vi får la vêret og dagsforma inspirere oss.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Vi reiser ut til havet eit par dagar, må prøve den nye vegen. God pinse!

Besta sa...

Sikkert fint og friskt ved havet no, vi kosar oss heime.

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...