mandag, april 01, 2013

Dagbok 2013 - 1.april

 Morgon og kveld.
Klokka er snart halv åtte. Ute er det lettskya og opphaldsvêr, men det er ikkje lenge sidan snøen lava ned. Temperaturen er + 3grader, så det er eit lite håp om vår.
Nils sit fordjupa i ein fotballkamp, og eg er nettopp komen inn att frå "strafferunda" mi. Nils var ute og mosjonerte før middag, då var han oppe i skogen. Han får ikkje nok trim av å gå og rusle i lag med meg. Mens han var på skogstur, fekk eg lese ut boka mi, så no lyt eg ein tur på biblio igjen.
Vi har både svinekjøt og lammesteik i hus, men i dag hadde vi lyst på fiskesuppe, så det vart det - med påfølgande middagslur. Nils kokte kraft på alle ryggbeina av seiane han fileterte, så no har vi frose ned kraft til fleire koker. Det blir sikkert fisk til middag i morgon også, vi et mest mulig av fisken før vi frys den. Steikt sei som ikkje har vore frosen er berre lekkert.Og når vi to er enige, gjer vi akkurat som vi vil.
Elles har det ikkje hendt så mykje i dag, og det er også greitt. Med alle disse forferdelige morda som eg engasjerer meg i både i bokform og på TV, kan det vere greitt at livet elles ikkje er så dramatisk. Håper alle har hatt ei bra påske, vêret har i alle fall vore fint, for det meste.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...