tirsdag, april 02, 2013

Dagbok 2013 : 2.april

Klokka er 19.30 og sola skin frå skyfri himmel, vêret har berre blitt finare og finare utover dagen. Temperaturen på baksida av huset er +4-5 grader C, men i dag må no snøen ha smelta litt?
Eg har nettopp gått mi (nesten) daglige runde på Vallabøen. Bildet over er frå Bjørkevegen der eg ikkje går så ofte, sidan det eigentlig er ein blindveg. Denne gata ligg høgare oppe enn Starevegen.
Det var i grunnen greitt at det vart kvardag igjen, særlig for oss som er fri uansett.
Fekk vaska og rydda litt skikkelig på kjøkken og bad, og dessutan vaska håret før vi tok ein tur til Vik. Nils hadde vore nedover og klipt seg mens eg vaska. Var først innom biblio og sikra med eit par bøker, men då vi etterpå var på Amfi og handla ringde dei frå biblio og sa at dei hadde fått inn ei bok som eg hadde reservert, så vart det ein ekstra tur innom for å hente den.
Til middag i dag laga eg spaghetti med påskeskinke i Carbonarasaus. Påskeskinka var ein rest.Godt vart det i alle fall.
Når eg kokar spaghetti brukar eg Kochblume, kokeblomsten, eg fekk av Solveig. Då kokar det ikkje over. Veit ikkje om de skjønar prinsippet ut frå bildet?
Etter middag, men Nils kvilte, sat eg på datarommet og rippa tre bøker inn på PC-en, mens eg strikka på ein lest, og dessutan rydda i garnrestane mine. Når eg først har lagt bøkene inn på data, brukar eg å levere dei tilbake, så slepp eg å tenke på lånefristar etc.
Naboen averterte ein haug med VHS-filmar til sals på Facebook for 350 kr. Eg melde meg interessert, og i dag kom dei på døra. Tre store bossekker, den eine rettnok berre halvfull. Så no er eg spent på om eg har kjøpt "katta i sekken" bokstavlig talt. Det blir spennande å pakke ut. Det er ikkje så mange som har utstyr til å spele av VHS-kassettar, men vi har ein spelar med input for det meste.Nils skal på møte klokka 20.00, då skal eg kose meg meg bøker og filmar etc.(No har det vore fotballkamp på skjermen).
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...