søndag, mars 31, 2013
Klokka er snart 18.00-sommartid. Ute har det slutta å snø etter at det har lava ned det meste av dagen. Faktisk har sola kome fram og, så vidt det er. Temperaturen er + 2 grader c. Nils har begynt å mòke tunet med handemakt. Eg synest ikkje det var så nøye med, for no må vel snøen snart smelte?
Eg har ikkje vore ute i dag. Før middag såg vi på påskegudsteneste frå Tromsø på NRK 1, må ha litt påskestemning når vi er her "åleine". Nils begynte å filetere på fisk etterpå, og eg laga to porsjonar med fiskekaker på foodprosessor, den eine porsjonen hadde vi til middag i dag. Så har eg hatt meg ei stund på sofaen med lydboka. Men viss det no skin opp, kan det bli ein liten tur ut i dag også.
Nils retta alle klokkene før vi la oss i går kveld, berre armbandsura vår tikkar enno på normaltid.
Som sagt har eg problem med kameraet mitt, men har fått tatt nokre bilde i dag, med hjelp av ein hjelpeknapp som Margrete fann; utan den får eg ikkje knipsa noko.
I går ringde vi for ein gongs skuld inn løysinga på Påskenøttene, men vi vann ikkje likevel.
I dag kan vi gratulere niesa vår med dagen. Eg hugsar enno tydelig den dagen ho vart fødd, vi budde på Raudeberg den gongen.
Til lykke med dagen Audny !
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 17.september 2026
Denne blomsten har eg kjøpt sjølv for å ha i den fine skåla som eg fekk på bursdagen min- Det blir nok enda finare når blomstrane sprett me...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
5 kommentarer:
Det spørs om vi ikkje må til å studere bruksanvisninga på kameraet ditt, for det skal no ta gode bilde!
Ja, det har no virka bra før. Snakka litt me Torbjørn om det, så det kan hende vi tek oss ein dag.
Påska har vore særdeles laber her, men takka vere godt stell frå min gode ektemann, har dagane gått sin gang. Siste vekene har eg sett tre gudstenester frå Troms og Finnmark, tykkjer der er rart at alt samlast der nord?
Då er det vel feiring i Eidsgata for Audny, mitt eldste tantebarn. Ho er ei fantastisk jente!
Eg trur dei brukar samme kyrkjene om att av praktiske grunnar. Meiner det har vore slik før også.
Vi har hatt ei stille påske også, men det er heilt greitt for meg.
Ja, dei er kjekke jenter både Audny og systra.
Ja, det er nokre bursdagar her på etterjulsvinteren.I dag feira Audny sin dag med dei som er heime av storfamilien,ekstra mange på grunn av påska.No er Mariann m/fam og bestefar Lidvard flytta inn i det nye nabohuset. Dei har streva med flytting i påskeferien.
Legg inn en kommentar