mandag, mars 25, 2013

Dagbok 2013: 25.mars

Klokka er snart halv åtte, temperaturen ute er +1 grad og godveret heldt i dag også. Sola berre skin og skin, så får vi heller finne oss i at det er kaldt om natta.
I dag skulle Nils køyre heim resten av veden han hadde liggande. Han skal felle fleire tre, men tek ikkje alt på ein gong.Som de ser på bildet poserer han på greinene. Han er ein god fotomodell.
Mens han var vekke sette eg i gang med brødbakst, først tre Ingers brød, så tre halvfine og til slutt tre speltbrød. Føler at det er umoralsk å kjøpe alt brødet, men faktisk er det lite å tene på å bake sjølv, og ikkje blir brøda mine så gode heller. Dvs. dei er gode før dei har vore i frysaren, tørre etterpå.Etter oppmoding legg eg også brød inn på bloggen.
Så var vi ein tur til Vik for å levere bøker på biblio og kjøpe meir lestegarn og vedsekker. Då vi kom heim, gikk eg ei runde på Vallabøen for å få mosjon. Det er mange hus som står tomme rundt omkring; somme skal pussast opp, andre skal seljast. Fann ut at det er minst 6 eneboligar til sals i nabolaget. Eldre folk flyttar i leilegheit og sel husa sine.
Vi åt ikkje middag før klokka var 18.30. Då hadde vi steikt sei. No skal vi drikke kaffi.
 

2 kommentarer:

Hildegard sa...

I dag var det siste sjanse på ei stund å få sjå filmen "Victoria" på dagkino. Ikkje så mange på kino i dag, men det var ei oppleving for oss som var der. Vakker filming, bra lyd og teksta, veldig bra. Då eg kom heim var Stig og Mira her. Kjekt å høyre frå lærarskulen i Bergen, han trivast veldig godt.

Besta sa...

Eg synest Victoria-filmen var fin, nydelige bilde og fin gut(Jakob Oftebro). Den eg IKKJE likte så godt var Victoria sjølv. Eg har diskutert henne med fleire, somme er enige med meg, andre ikkje. Kinosjefen og eg var enige om at ho var litt SLAPP. Kjekt at Stig trivast.Ingeborg er no komen til Cape Town.

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...