søndag, mars 24, 2013

Dagbok 2013: 24.mars.

Sandvegen.

Tømmerbakkane.Hestar nede til høgre  - midt i bildet .
Klokka har passert 17.30, temperaturen på trappa er +3 graderC og sola skin. Frå morgon til kveld.
Det er ganske kaldt om nettene og før middag, så vi legg den daglige turen vår til ettermiddagstid.
Før middag sat eg og strikka litt og chatta med Bodil, blant anna. Nils var kokk i dag, og han ville absolutt lage salt lapskaus, slik han likar den. Det var ikkje meg imot. Vi åt tidlig middag og maten var god. Etterpå vart det ein liten strekk på sofaen og ein kopp kaffi.
Så var det dagens store, vesle problem: Kvar skal turen gå? I dag vart det ein tur i nærområdet. Vi gjekk bort i Sandhola, som det heitte før, no heiter det Sandvegen, og der har kome mange nye, fine hus. Har ikkje vore i området sidan vi køyrde Ingeborg i vogn, bort for å sjå hestane.Sandvegen tek av frå Engesetvegen, gjer ein sving og går parallelt med Engesetvegen fram på Tømmerbakkane.
Vi kom opp på Tømmerbakkane og gjekk Engesetvegen vidare framover til vi kom dit vi budde før. Der trefte vi det unge paret som har bygt seg hus der, og fekk kome inn og sjå korleis dei hadde fått det. Det var veldig kjekt. Dei hadde fått det både romslig og koselig i far hennar sin snikkarverkstad, mens faren framleis har verkstad i kjellaren. Vi kunne ikkje gå så langt i dag, eg er litt forsiktig med det, det er betre å gå litt kvar dag.Godt å kome ut i sol og frisk luft.

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg hugsa vi gjekk der ei påske i like nydeleg ver som i dag! Trur alle var med, men hugsar ikkje kven som var fødde ...

arieldog sa...

Eg meiner det var påska 2003, for eg var litt gravid...

Besta sa...

Men no har der kome mange nye hus, så det er heilt forandra i området.

Besta sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...