Klokka er ca 19.00. Ute er det fint, lettskya vêr og temperaturen er minus 3-4 grader C.
Vi vakna opp til mykje ny snø, det var veldig fint, men eg skulle ønske snøen hadde kome ein månad før ! Nils var ute og mòka snø for hand både vårt tun og naboen sitt. Trur rett og slett han synest dt er kjekt.
I går kveld fekk eg melding frå Eid om at dei gjerne ville komme ein tur i dag. Det tykte vi var kjekt.
Dei kom sånn i lunsjtid og vi hadde ei koselig stund, med mykje godt prat.
Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag, ikkje har eg vore ute og gått tur heller, men kanskje hofta har godt av ein kviledag?
Elles ser eg på FB at Einar og Hareid fotballag er vel framme i Tyrkia og at Ingeborg og Sandra kosar seg i Phuket, Thailand. Dei har det varmt og fint, men jammen har vi det fint vi også når sola skin !
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 26.august
Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
1 kommentar:
Kjekt å treffast igjen. Takk til Nils for frosne seifileter, skal bli godt med seibiff m.m. igjen.Fin heimtur gjennom Kviven, så no har vi køyrt han begge vegar. Full vinter i Hornindal og langs H.vatnet.
Legg inn en kommentar