mandag, mars 11, 2013

Dagbok 2013 : 11.mars

Ørstafjorden i dag, is med snø på.
Klokka slo nettopp seks,dvs 18.00. I dag er det overskya, det kjem litt snø av og til, som smeltar nesten før den når bakken.Temperaturen er minus 1 grad C.
Det var såpass høvelig vêr før middag at Nils reiste på vedaskog, ikkje så langt unna.Han har fått lov til å felle tre der, og folk er glade til at der blir rydda opp litt. Han legg ikkje opp til noko stress, og eg kan ikkje hjelpe til sidan terrenget er litt ulendt. Eg heldt meg heime, rydda skikkelig opp på kjøkkenet, rydda i huset elles, sette på vaskemaskina og vaska håret etc. etc. Då eg var klar, gikk eg innover for å møte Nils, men trefte han på veg heim. Hadde eg ikkje blitt ståande på vegen og prate med leigebuaren, hadde det klaffa akkurat. No kvesser han saga for å ta ei bjørk til i morgon. Han feller ikkje meir enn det han klarer å rydde på plass med det same.Og så kuttar han stammen i høvelige lengder til å bere bort på vegen.
Eg hadde laga middagen halvferdig, for vi måtte ein tur til Vik. Eg skulle hente ei bok på biblioteket, som dei hadde lagt til sides til meg. Dei gjer det når dei får inn nye bøker som dei trur eg vil lese, og så sender dei melding på mobilen min. Bra sørvis!
Vi trong litt mat også, så det vart ein liten snartur på Amfi.
Det vart litt sein middag i dag, men maten var god: Sei i form, etter Solveig si oppskrift. Veldig lettvint. Og så vart det pause. De synest kanskje vi er fæle til å late oss, og det kan det vere noko i. Men vi legg oss rimelig seint om kveldane, så det gjer godt med ein "dupp" på ettermiddagen. Dessutan er vi ikkje heilt unge lenger. (Det er berre noko vi trur.)
Skulle ha hatt meg ein liten tur ut i dag også, blei litt for kort den turen før i dag. Men det er ikkje så fristande med slaps. No snør det forresten skikkelig!
 

 


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...