søndag, mars 10, 2013

Dagbok 2013: 10.mars

Klokka er no 17.40, og Nils har funne plassen sin framfor TV-en etter at vi har vore ute og gått tur. Sola skin framleis frå klår himmel, men temperaturen på trappa står på minus 2 grader. Men med sola rett inn i stova 9 timar for dag, slepp vi å fyre så mykje.
I dag tenkte eg at eg skulle vere lur. Laga tidlig middag, så vi skulle ha oss ein fin tur seinare på dag. Det eg ikkje hadde forutsett var at forma vart sterkt dalande med ein god porsjon svineribbe innabords. Men som Nils sa: "I går åt vi suppe!" Underforstått så trong vi noko meir mettande i dag. Vi hamna på sofaen og hadde litt problem med å kome oss på føtene igjen. Men vi kom oss ut og gjekk ei runde rundt på Vallabøen, først oppover og så nedover og så heim.Det viktigaste er å komme seg ut i sol og frisk luft. I morgon og tysdag er det meldt snø, men onsdag skal sola kome att.
Denne veka har vi ikkje så mange planar. Tysdag er det møte i pensjonistlaget; eller rettare sagt: Ørsta Rotary og Inner Wheel inviterer alle pensjonistar til møte på Kulturhuset. Dei brukar å servere veldig god mat, og bløtkaker med krem, slik som vi gamle likar. Og vi som vanligvis steller i stand til møta og skriv om dei etterpå-vi er heilt fri. Den kjensla!
No skal Nils få kose seg med sport, mens eg skal dyrke mine interesser for krim og strikketøy.
Før middag var eg forresten litt flink, eg gjorde "kontorarbeid" og rydda nokre skuffer på kjøkkenet.


Leikeområde ved Vikemarka skule.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg liker å gå tur før eg lagar middag. Eit par enklare brød vart laga før eg gjekk, så er det fritt fram for dei som vil ha seg eit mellommåltid.

Besta sa...

Tanken var at vi kunne ta oss ein lengre tur e.m. - men så vart det for seint.

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...