lørdag, mars 09, 2013

Dagbok 2013: 9.mars

Klokka er 17.10. Temperaturen  på baksida av huset er 0 grader C og vêret har vore strålande i heile dag. Det hadde nok blitt ei utflukt hadde eg vore litt meir strålande.
I går etter at vi hadde vore ute og gått tur, fekk eg ein forferdelig verk i hofta og verkte heile resten av kvelden. I dag tidlig var ryggen nesten av med det same eg stod opp, men etter ei lita stund var eg god som ny. Skulle ta det heilt med ro i dag, tenkte eg, men så er det heilt umulig å halde seg inne når vêret er så fint, så no har eg gått ein tur med speilrefleks rundt halsen og krim i øyrene. "Trim og krim" m.a.o.
Er nesten heilt sikker på at eg ikkje har høyrt "Kvinnen i buret" før.
Eg fotograferer for å bli vant til å stille inn kamera, sjølve bilda er ikkje så spennande, det er den tekniske kvaliteten som tel. I slikt vêr får ein fine bilde med lommekamera også.
For dei som ikkje er informert, kan eg opplyse at det kvite huset på bildet over, skal seljast etter påske. Vi er spente på kven vi då får til naboar.Dei fleste som bur her rundt oss, har vore her like lenge som vi, eller i alle fall nesten, og vi er gode venner og vel forlikte.
No har Nils laga kaffi og vi skal ha eit måltid. Vi hadde tidlig middag i dag, kokte berre ei blomkålsuppe. Nils har gått ei mykje lengre rute enn eg, det er ikkje trim for han å gå i lag med meg. Det er meir som ein rusletur, men funkar for meg.
Var ein tur inn i Fonna kom meg ikkje heilt bort til elva på grunn av snø. Der låg mykje tømmer og skat rundt omkring. Bra at det blir rydda vekk skag.
Ingeborg og veninna er vel i ferd med å flytte frå Bankok til Phuket-om dei ikkje alt er framme. Dei har det heitt.
 

I dag fyller Ingrid på Eid 19 år og vi gratulerer !

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg ser at eg må gå meg ein tur og fotografere i morgon. Her er berre snø i fjella!

Hildegard sa...

Du er flink å ta bilder. Eg gløymer som oftast fotoapparatet når eg går tur, får nok meir inspirasjon når det vårast. Vakkert på Eid også no når sola skin, like før ho gjestar Strikkemor på Os.
God helg!

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...